Støttekontakt

Støttekontakt

 

Dersom du treng hjelp og assistanse for å kome deg ut til fritidsaktivitet, kulturtilbod eller vere med i sosiale samanhengar kan du søkje om å få støttekontakt som kan hjelpe deg.

Ei støttekontakt kan vere med å gi deg ei meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapeleg hjelp og rådgjeving.

Støttekontakta tilbyr også følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på dine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta.

Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

 

Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65