Kulturmidlar til lag og organisasjonar - søknadsfrist 15.april

Kulturmidlar til lag og organisasjonar - søknadsfrist 15.april

Sande kommune kan yte tilskot til lag, organisasjonar og andre som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Sande kommune. 

Sande kommune kan  - etter søknad  - yte tilskot til personar, organisasjonar, foreiningar, lag og institusjonar som driv eller vil starte opp kulturverksemd for barn og unge (0-20 år) i Sande kommune.

Det kan søkjast om tilskot til drift og til starttilskot til nye tiltak.

Frist for å søkje kulturmidlar er sett til 15.april.

Du finn fleire opplysningar i Retningslinene for tildeling av kulturmidlar. (PDF, 98 kB)

Korleis søkje?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet for kulturmidlar.

Hugs å legge ved dei vedlegga som blir krevd.

Når får vi svar på søknaden? 

Søknadane om kulturmidlar blir handsama i Helse og oppvekstutvalet rett etter at søknadsfristen er ute. 

Minner også om at

  • Sande kommune gir rettleiing og handsamar søknadar om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. 
  • Spelemidlar til idrettsføremål skal medverke til at ein større del av folket får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet.

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95