Sande kommune ynskjer å få inn forslag kandidatar til kulturprisen for Sande kvart år.
Kven kan få kulturprisen?
Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Sande kommune.
Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege. Kulturarbeid kan definerast vidt.
Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar.
Framlegget skal vere skriftleg og med grunngjeving.
Her er retningslinene for kulturpris-tildeling (PDF, 238 kB)
Her finn du skjema som du skal fylle ut dersom du vil kome med forlag til nokon DU meiner fortener prisen
Kven bestemmer kven som skal få prisen?
Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslag til kulturpris-kandidatar.
Nemnda er sett saman av tre politisk valde representantar og ein representant frå Sparebanken Møre.
Frist for innspel:
1.november er frist for innsending av forslag til kulturpris.
Tidlegare kulturprisvinnarar:
Oversikt -kulturprisvinnarar
Desse har fått prisen tidlegare:
1997 Åram sogelag
1998 Jan Åge Fjørtoft
1999 Sverre Kvalsund
2000 Oddvin Kragset
2001 Bergljot Tødenes
2002 Ikkje tildelt p.g.a. at det ikkje var innkome framlegg til kandidat før fristen.
2003 Magne Støylen, Kvamsøy
2004 Per Sandanger, Larsnes
2005 Torgeir Hauge, Gursken
2006 Rigmor Bringsvor, Sandshamn
2007 Marlen Hauge Knotten og Marianne Brune, Larsnes
2008 Kari Ristesund, Kvamsøy
2009 Tensing
2010 Arthur Vestnes
2011 Dagbjørn Myklebust
2012 Aud Sofie Hide
2013 Larsnes/Gursken fotball-klubb
2014 Helga Kristin Sætre
2015 Gunhild Sandanger
2016 Orgelsommar
2017 Kong Arthurspelet
2018 Møyfrid Tveten
2019 Larsnes Helselag
2020 Harald Sætre
2021 Kevin Andre Søvre Myklebust
2022 Håkon Vestnes