Næringsfond

Det kommunale næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sande kommune.

Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Kommunalt næringsfond

Fylkeskommunen kan gje løyvingar til kommunale næringsfond frå dei regionale utviklingsmidla. Ramme vert fastsett i Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping, og regional og næringsutvalet gjer vedtak om tildeling til kommunane.

 

Formål og vilkår

Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Sande kommune. Unge, kvinner og innvandrarar skal prioriterast.

Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.

 

Tiltak kan vere

  • investering i produksjonsanlegg og utstyr
  • profilering og merkevarebygging
  • produktutvikling
  • kompetansehevingstiltak
  • marknadsundersøking
  • bedriftsutvikling
  • rådgjeving

 

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av totale kostnader, avgrensa til maksimalt 150 000 kroner.

Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lengre tid enn 3 år.

Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til at tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjennomført, blir realisert. Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege støtteordningar for bedrifter.

 

Avgrensingar

Kommunale næringsfond har også nokre avgrensningar, og kan ikkje brukast til:

  • Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantier.
  • Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital uavhengig av organisasjonsformer.
  • Ordinær drift av verksemder. All støtte som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstøtte. I bedrifter vil dette til dømes gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.
  • Investeringar i, og ordinær drift og vedlikehald av, offentlige oppgåver.

 

Særskilt om eigeninnsats

Ved utrekning av kapitalbehov inngår normalt reine pengeutlegg. Unntaksvis kan eigen arbeidsinnsats reknast inn i kapitalbehovet. Eigeninnsats for privatpersonar kan prissettast inntil kr.200,- pr. time.

Dersom tilskotsmottakaren er eit regnskapspliktig selskap som bruker eigne tilsette i form av eige arbeid, må selskapet kostnadsføre eigeninnsatsen i regnskapet for at det skal kunne vere del av godkjent kostnadsgrunnlag. I slike tilfelle skal eigeninnsatsen prissettast til 1,2 promille av årslønn, maks kr.600,- pr. time. Det skal førast timeliste for dokumentasjon.

Søknad

Kommunale næringsfond kan berre tildelast på grunnlag av søknad. Kommunane skal motta og behandle alle søknader i søknadsportalen www.regionalforvaltning.no

Når kan eg vente svar?

Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Søknaden skal behandlast politisk i Næring- teknisk og miljøutvalet og møteplan avgjer når søknaden er ferdigbehandla.

Klagerett

Vedtak om kommunale næringsfond er enkeltvedtak, og kan klagast på etter kommunelova §29 og forvaltningslova §28. Klage skal behandlast av kommunen sitt klageorgan.

Utbetaling

Tilskotsmottakar skal føre separat regnskap for bruken av tilskotet. Sluttutbetaling skal skje etterskotsvis mot rapport og regnskap. Kommunane kan vurdere vilkår for delutbetalingar men det skal ikkje betalast ut meir enn 75% av tilskotet før prosjektet er avslutta og sluttrapport godkjent.

 

For tilskot over kr.100.000 vert det krevd revisorattestert regnskap og prosjektrapport.

Tilskotsmottakar som ikkje er revisjonspliktig kan få regnskapet stadfesta av autorisert regnskapsfører.

Kommunane kan vurdere om det krevst attest frå revisor/autorisert regnskapsførar for tilsegn under kr.100.000.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
plan og utvikling
E-post
Mobil 975 88 811