Etablerarprøve etter Serveringslova

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøva.

 

Gjennomføring av prøva

Etablerarprøva kan takast ved Hareid kommune sitt ressurssenter, sjå informasjon her

Hugs å ta med gyldig legitimasjon – pass, førarkort eller bankkort med bilde.

Prøva er ei fleirvalgsprøve på norsk på 90 minutt. Du kan ikkje til å ta med tolk. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Du har lov å bruke lovsamling.

Du kan ta prøva på nytt helt til du består.

Prøva kostar kr 400 pr gong du tek den.

 

Pensum

Vinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til «test deg sjølv»-prøver. Vi anbefaler at du på førehand set deg inn i pensumet.

Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788