Kunnskapsprøve om alkohollova

Alle som skal vere styrar eller stedfortredar for eit sals- eller skjenkeløyve, må ha bestått kunnskapsprøve etter alkohollova.

 

Kven kan ta prøva

Alle som ynskjer det kan ta kunnskapsprøva. Den som søkjer om å bli godkjent som styrar eller stedfortredar på stadar med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøva. For å bli godkjent som styrar eller stedfortredar på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år.

Kva er pensum

Spørsmåla i kunnskapsprøva er basert på materialet som er gitt i læreboka: ”Kunnskapsprøven i alkoholloven”. Denne kan kjøpast hjå Vinn.

Kva kostar det

Det kostar kr 400,- for å ta prøva.

Gjennomføring av prøva

Kunnskapsprøva kan takast ved Hareid kommune sitt ressurssenter, sjå informasjon her

Hugs å ta med gyldig legitimasjon – pass, førarkort eller bankkort med bilde.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788