Søke salsløyve

Driv du butikk og skal selje alkoholhaldig drikke, må du søkje kommunen om salsløyve. Salsløyvet gjeld for drikke inntil 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Krav til den som søkje

Løyvet vert gitt til den person eller selskap som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknadsskjemaet må du gje opplysningar om staden, om eigarforholdet og om kven som skal vere styrar og stedfortredar for løyvet.

Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.

Styrar og stedfortredar må

  • Vere 20 år og arbeide i verksemda
  • Ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgiving og anna lovgiving som har samanheng med alkohollova sitt formål
  • Ha betått kunnskapsprøva om alkohollova

Korleis søkje?

Du søkjer ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet for salsløyve.

Hugs å legge ved den dokumentasjonen som ein søknad krev.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Teikning av serveringsstaden/lokalet
  • Firmaattest
  • Stadfesting på at styrar og stedfortredar har bestått kunnskapsprøve
  • Kopi av leigekontrakt eller skøyte
  • Skatteattest for dei som omfattast av vandelskravet
  • Bruksløyve eller dokumentasjon på at lokalet er godkjent for omsøkt bruk etter plan- og bygningslova
  • Stadfesting på melding til Mattilsynet
  • Rutinar for internkontroll

 

Saksgang

Det tek ca 3 mnd å handsama ein søknad om salsløyve. Søknaden vert sendt til høyring til politiet, skatteetaten, kemner m.m.  før den vert politisk handsama av kommunestyret.

 

Omsetningsoppgåve

Løyvehavar pliktar innan 1. mars å sende inn omsetningsoppgåve med oversikt over forrige års omsetning til kommuna. Bruk elektronisk skjema over omsetningsoppgåver. Avgifta vert rekna ut i frå innsende omsetningsoppgåver.

Endringar i drifta

Du pliktar å melde frå til kommuna dersom det skjer endringar i  eigarforhold, driftskonsept eller skifte av dagleg leiar eller skifte av styarar eller stedfortredar. Bruk elektronisk skjema for å melde inn endringar.

Kommuna kan då enten godkjenne endringane eller krevje at det vert søkt på nytt.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788