Søke serveringsløyve

Skal du starte ein stad der det vert servert mat og drikke, må du ha serveringsløyve. Dette gjeld alle serveringsstadar der det ligg til rette for at mat og drikke kan fortærast i eller like utanfor serveringslokalet.

Krav til den som søkje

Det firmaet som skal ha det økonomiske ansvaret for serveringa kan søkje om løyve. Dersom eit einmannsføretak har ansvaret, er det eigar som søkje løyve.

Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.

Dagleg leiar kan ikkje ha begått lovbrot i forhold til annan lovgjeving som vil være uforeneleg med drift av serveringsstad og må ha bestått etablerarprøva.

Korleis søkje?

Du søkjer ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet for serveringsløyve.

Hugs å legge ved den dokumentasjonen som ein søknad krev.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Dokumentasjon på styrar og stedfortredar
  • Teikning av serveringsstaden/lokalet
  • Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta
  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Kopi av leigekontrakt eller skøyte
  • Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg innflytelse over verksemda
  • Bruksløyve eller dokumentasjon på at lokalet er godkjent for omsøkt bruk etter plan- og bygningslova
  • Stadfesting på melding til Mattilsynet

 

Saksgang

Det tek ca 2 mnd å handsama ein søknad om serveringsløyve. Søknaden vert sendt til høyring til politet, før den vert politisk handsama av kommunestyret.

 

Omsetningsoppgåve

Løyvehavar pliktar innan 1. mars å sende inn omsetningsoppgåve med oversikt over forrige års omsetning til kommuna. Bruk elektronisk skjema over omsetningsoppgåver. Avgifta vert rekna ut i frå innsende omsetningsoppgåver.

 

Endringar i drifta

Du pliktar å melde frå til kommuna dersom det skjer endringar i eigarforhold, driftskonsept eller skifte av dagleg leiar. Bruk elektronisk skjema for å melde inn endringar.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788