Søke skjenkeløyve - einskildhøve/ ambulerande

Skal du selje alkoholhaldig drikke under eit arrangement som er ope for publikum i lokaler som ikkje har skjenkeløyve, eller utandørs på eit avgrensa område?

Eksempel er festivalar, offentlege arrangement og liknande. I slike tilfelle må du søkje om skjenkeløyve einskildhøve. Alkohollova § 4-5 definerer «en enkelt anledning» som eit arrangement for ein bestemt anledning eller ei bestemt periode.

Krav til søknaden

Søkjar må vere fylt 20 år. Ein person må vere ansvarleg for skjenkeløyvet, og må ha fylt 20 år. Ved nye søkjarar vert vandelsattest frå politiet innhenta. Er arrangement utandørs krev ein løyve frå grunneigar.

 

Korleis søke?

Du søkjer ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet for skjenkeløyve, einskildhøve.

Hugs å legge ved den dokumentasjonen som ein søknad krev, slik som teikning over arrangementsområdet og korleis vakthaldet er tenkt ivareteke.

 

Kva kostar det?

Sande kommune har fastsett gebyr for skjenkeløyve til kr 1000,- pr. gong.

 

Saksgang

Det tek ca 4 veker å handsama eit skjenkeløyve for eit einskild høve. Søknaden vert handsama administrativt.  

 

Søke skjenkeløyve - ambulerande

Ved lukka arrangement kan ein søkje om ambulerande skjenkeløyve. Krava er tilsvarande for einskildhøve. Bruk søknadskjema for ambulerande skjenkeløyve.

Pris: vert regulert kvart år, for 2019 er prisen 370,- pr gong.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788