Søke skjenkeløyve - fastløyve

Har du serveringsløyve og ønskjer å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.

Skal du starte ein serveringsstad som skjenker alkohol, må du også søke om serveringsløyve.

Alle søknadane vert handsama etter alkohollova

 

Kven kan få skjenkeløyve?

Det firmaet som har det økonomiske ansvaret for skjenkinga kan søke om løyve. Dersom eit einmannsføretak har ansvaret, er det eigar som som søkjer om løyve.

Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.

Det skal utpeikast styrar og stedfortredar for løyvet.

Desse må:

  • Ha fylt 20 år og være tilsett på serveringsstaden, eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga
  • Bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve

 

Korleis søke?

Du søkjer ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet for skjenkeløyve.

Hugs å legge ved den dokumentasjonen som ein søknad krev.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Dokumentasjon på styrar og stedfortredar
  • Dokumentasjon på serveringsløyve
  • Beskrivelse av serveringsstad
  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve for styrar og stedfortredar
  • Leigekontrakt
  • Målsatt teikning av lokalet
  • Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor sin stadfesting på eigarandel oppgitt i prosent
  • Skatteattest for dei som vert omfatta av krav om vandel
  • Rutinar for internkontroll
  • Bruksløyve

 

Saksgang

Det tek ca 3 mnd å handsama eit fast skjenkeløyve. Søknaden vert sendt til høyring til politet, før den vert politisk handsama av kommunestyret.

 

Omsetningsoppgåver

Skjenkestaden pliktar å sende inn oversikt over omsetningsoppgåver innan 1. mars påfølgande år.

Bruk elektronisk skjema for innsending av omsetningsoppgåver. Avgifta vert utrekna utifrå innsende omsetningsoppgåver.

Endringar i drifta

Du pliktar å melde frå til kommuna dersom det skjer endringar i eigarforhold, driftskonsept eller funksjon som styrar og/eller stedfortredar i løyveperioden. Bruk elektronisk skjema for å melde inn endringar. Dersom skjenkestaden ønskjer å endre skjenkeløyvet for eit enkelt arrangement, kan du bruke skjemaet du finn her.

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788