Informasjon om driveplikt og buplikt

Informasjon om driveplikt og buplikt

Her får du ei oversikt over føresegner som kan vere nyttig når ein arving eller ein med odelsrett vurderer å overta eigedomen, eller dersom landbrukseigedomen skal selgast til utanforståande.

Tilleggsinformasjon om driveplikt og buplikt til dødsbuet og deg som arving

Arvingane i eit dødsbu har driveplikt på jordbruksareal etter jordlova samstundes med at eigedomen ligg i dødsbu. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Den som overtar ein eigedom, kan etter omstenda ha buplikt etter konsesjonslova. Nedanfor gis ei kort oversikt over føresegner som kan vere nyttig når ein arving eller ein med odelsrett vurderer å overta eigedomen, eller dersom landbrukseigedomen skal selgast til utanforståande.

 

Eigar av jordbruksareal har driveplikt

Ifølge jordlova § 8 første ledd skal jordbruksareal drivast, og driveplikta gjeld for heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast av eigaren personleg, eller ved at jordbruksarealet drivast gjennom bortleige på dei føresetnader som er fastsett i jordlova § 8 annet ledd. Leigeavtala må ha ei varigheit på minst 10 år av gangen utan at eigar kan si ho opp, avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og ho må vere skriftleg. Kopi av avtala må sendast kommunen. Eigaren kan søke fritak frå driveplikta anten heilt ut (varig), eller for ei viss tid.

Driveplikta ligg hos eigaren av jordbruksarealet. Har ein eiendom fleire eigarar, gjeld driveplikta for alle eigarane. Frå tidspunktet ein eigedom med jordbruksareal har blitt ein del av eit dødsbu som blir overtatt av arvingane, er eigedomen faktisk eigd av arvingene i buet. Arvingane får frå dette tidspunktet  plikt til å drive jordbruksarealet. Er det eit testament som fastset kven som skal ta over eigedomen, blir den aktuelle arvingen eigar ved arvefallet (dødsfallet), og har da driveplikt.

Driveplikta kan som nemnt oppfyllast ved bortleige. Det betyr at driveplikta kan oppfyllast samstundes som at buet er under skifte. Der eigedomen skal overførast til en ny eigar som ledd i avslutning av skiftet, kan det vere lite formålstenleg for arvingane at buet inngår ei leigeavtale på ti år. Arvingane kan etter omstenda søkje kommunen om fritak frå vilkåret om ti års bortleige av jordbruksarealet, jf. jordlova § 8 a.

 

Ved vesentleg brot på driveplikta kan myndigheitene etter jordlova § 8 tredje ledd pålegge eigaren å leige bort jorda for ei tid på inntil ti år, pålegge tilplanting med skog eller andre tiltak av ut fra kulturlandskapsomsyn. Myndigheitene kan også velge å ilegge eit tvangsgebyr etter jordlova § 20.

Buplikt etter konsesjonslova


Lovbestemt buplikt
Dersom nær slekt eller ein med odelsrett skal overta landbrukseigedomen, fastset konsesjonslova § 5 første ledd at ervervet er konsesjonsfritt. Konsesjonsfridommen kan vere tufta på krav om at eigaren sjølv  buset seg på eigedommen innan eitt år og bur der i minst fem år (lovbestemt buplikt). Den lovbestemte buplikta gjeld erverv av bebygd eigedom som har meir enn 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord eller meir enn 500 dekar produktiv skog. Bygningen må bestå av bustadhus som er eller har vore brukt som heilårsbustad. Sjølv om huset ikkje har vore i bruk som heilårsbustad, vil det kunne oppstå buplikt dersom huset er tillate oppført som bustadhus, eller eigedomen har bustadhus under oppføring.

 

Har du erverva eigedomen frå avdød ektefelle eller sambuar, enten som eigar eller i uskifte, og du har vore busett på eigedommen i fem år allereie, oppstår det ikkje ny buplikt.  Om noko av buplikt-tida står att, skal den butida du har gjennomført før overtakinga reknast inn i plikttida. 

Den som skal overta ein landbrukseigedom konsesjonsfritt, må sende inn og bekrefte konsesjonsfridommen ved bruk av skjemaet «Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv.», LDIR-360.

Om du er nær slekt eller har odelsrett og ikkje kan eller vil busette deg på eigedom med lovbestemt buplikt innan eitt år, må du søke konsesjon. Bruk skjemaet «Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom m.v», LDIR-359. Ved søknad om konsesjon gjer kommunen ei konsesjonsvurdering.

Buplikt i vedtak om konsesjon
Dersom landbrukseigedomen skal overtas av nokon andre som ikkje er nær slekt eller har odelsrett, kan kommunen sette buplikt som vilkår for konsesjon. For å sette krav om buplikt er det ein føresetnad at eigedomen er konsesjonspliktig. Ved overtaking av eigedom som er konsesjonspliktig må overtakaren/kjøparen søke kommunen om konsesjon. Bruk søknadsskjemaet LDIR-359. Ved søknad om konsesjon på ein eigedom, tar kommunen stilling til om det skal settast vilkår for konsesjonen eller ikkje. Når det gjeld buplikt, vurderer kommunen

  • om det skal fastsettast vilkår om buplikt
  • om buplikta skal vere ei personleg plikt for ervervar
  • eventuelt kor lenge buplikta skal vare

Konsesjonsfri eigedom


Dersom eigedomen er konsesjonsfri, for eksempel etter konsesjonsloven § 4 nr. 4, bebygd eigedom  som ikkje overstig 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord, vil som nemnt buplikt ikkje vere aktuelt. Ervervar må bekrefte konsesjonsfridommen ved bruk av skjema om eigenfråsegn LDIR-360. Nokre kommunar kan ha forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrenseforskrift), og bestemme lokale reglar om buplikt ved å sette blant anna konsesjonslova § 4 nr. 4 ut av kraft. 

 


Meir informasjon finn du her: 

Driveplikta er omtalt i rundskriv M-2/2021

Nærare om konsesjonsfridom for nær slekt eller odelsrett på Landbruksdirektoratets nettsider

Konsesjonslova § 5 annet ledd

 Konsesjonslova § 5 annet ledd siste punktum.

Nærare informasjon om konsesjonsvurdering

Nærare informasjon om konsesjonsfrie og konsesjonspliktige erverv

Oversikt over kommunar med nedsett konsesjonsgrense

Kontakt

Marte Storegjerde
konsulent
E-post
Mobil 46 80 77 71