Næringsareal i Sande kommune

Næringsareal i Sande kommune

 

Nytt næringsretta areal under arbeid i Gjerdsvika.

Sande kommune har kommunale industriområder  i dei ulike delane av kommunen. Desse areala kan ha ulik grad av opparbeiding der nokre er ferdig grovplanert medan andre områder er reine rå-tomtareal.

 

Gjerdsvika

Deponi nord :

Sande kommune vil her i 2021 disponere eit industriområde på ca 12,0 da ferdig planert.

Det er i reguleringsplansamanheng innlagt ei kai på deponi nord.  Det føreligg ikkje konkrete planar

for gjennomføring av denne.

Vidare har Sande kommune eit industriområde på ca 12,5 rå-tomt mellom deponiet og fylkesvegen.

Det er vidare i arealplanen utlagt meir industri-areal i det same området (mot aust).

Deponi syd:

Sande kommune vil her i 2021 disponere eit areal på ca 33 da på søndre deponi ferdig planert.

Det er i reguleringsplansamanheng innlagt ei kai på deponi syd.  Det pågår eit arbeid for å sjå på mogelegheiter for gjennomføring av eit kaianlegg her.

 

Haugsbygda

Sande kommune disponerer eit areal på ca 3-4 da i Haugsbygda hamn.

Området er rå-tomt og må planerast ned med utfylling i sjø.

 

Gursken

Sande kommune disponerer eit areal på ca 4 da i Myklebustmyrane.

Området er rå-tomt og må planerast ned.

I det same området er det regulert meir industriareal både i reguleringsplan og arealplan.

 

Larsnes

Sande kommune disponerer eit areal på ca 4 da i Honndalen på Larsnes.

Området er råtomt og må planerast ned.

I området ved Breivika er det i arealplan-samanheng er der utlagt større industriareal.

 

Sandsøya

Sande kommune disponerer i dag ikkje industriareal her.

Det er i plansamanheng utlagt noko industriområde ved Coop-butikken.

 

Kvamsøya

Sande kommune disponerer i dag ca 10 da med industriareal.

Arealet er langt på veg opparbeidd, men med noko helling.

 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon og synfaring!

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70