Hauemarkja barnehage

Hauemarkja barnehage

hus - Klikk for stort bileteHauemarkja barnehage Sande kommune

Hauemarkja barnehage er ein kommunal 4 avdelings-barnehage på Larsnes.

hus - Klikk for stort bileteHauemarkja barnehage Sande kommune

Hauemarkja barnehage er den største barnehagen i Sande, med sine 4 avdelingar; Blomsterenga, Maurtua, Solsikka og Maurtua. Det var i si tid ei privat stifting som tok initiativ til bygging og drift av ein 2- avdelings barnehage, men då 4. avdelinga var teken i drift i 2015 starta ein prosessen med kommunal overtaking, som vart gjennomført i oktober 2017. Hauemarkja er godkjent for 76 plassar. Pr. januar 2023 har ein om lag 80 plassar, og måtte derfor utvide med ei avdeling til, som vert brukt som tilleggsareal for dei eksisterande storbarnsavdelingane.

Den nye avdelinga, Blåklokka, er lokalisert i Elveromsstova, som ligg like ved hovudbygget. Personalavdelinga, med personalrom, lager, arbeidsstasjonar og administrasjon ligg i eit eige bygg rett ved barnehagen

Hauemarkja barnehage ligg fint til på Larsnes, med kort veg til skule, gymsal, sjukeheimen, butikk, landsbystranda, rådhuset, kyrkja m.m. Barnehagen har eigen gapahuk og har god tilgong til skog og mark.

Ein har lagt vekt på å ha god pedagogtettleik, og vi har 6 barnehagelærarar og ein anna pedagog. Vi har i tillegg fleire tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og mange andre tilsette med lang og god erfaring og realkompetanse. Dei tilsette brukar sin kunnskap og kompetanse, erfaring og tilgjengelege ressursar til å lage gode dagar, utvikling og glede, tilpassa det einskilde barn.

Sande kommune sin visjon:

«Barnehagane i Sande kommune vil i samarbeid med heime gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve»

Hauemarkja barnehage sin visjon er ei forlenging av Sande sin visjon:

«Små og store hand i hand, knyter gode venkapsband».

Med desse visjonane, i tillegg til lov- og planverket vi jobbar etter; Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar, vil vi setje barna og barna sine behov i sentrum.

Vi vil samhandle godt med foreldre og born, og ha fokus på relasjonsarbeid. Vi vil fokusere på meistring og trivsel for både born, foreldre og tilsette. Borna skal få gode lærings- og utviklingsmoglegheiter, og god omsorg som fremjar læring og danning.

Språk og språkutvikling

For å fremje  god leik og god samhandling, har vi fokus på språk og språkutvikling gjennom kommunalt og interkommunalt samarbeid, basert på føringar frå UDIR. Vi har også stort fokus på god tverrfagleg samhandling, der vi ser på dei kommunale og interkommunale hjelpetenestene som ein naturleg del av våre samarbeidspartar.


Hauemarkja er ein PALS-barnehage.

Her finn du årsplanen til barnehagen. (PDF, 486 kB)

 

Planleggingsdagar

02.01.24

15.03.24

10.05.24

28.06.24

 

Ferie 2024

Veke 28 til og med 31 

Opningstider:

kl 7.00 – 16.30

Telefon:

Telefonlister Hauemarkja barnehage

Telefonlister Hauemarkja barnehage
Avdeling Telefon
Hauemarkja - administrasjon 46890362
Blomsterenga 47630214
Maurtua 47632107
Solsikka 47628859
Marihøna 47628034

E-post:                        

hege.beitveit@sande.kommune.no

Besøk- og postadresse:         

Haugen 2 

6084 Larsnes

Her finn du Hauemarkja barnehage på GoogleMaps-kartet

Kontakt

Hege Beitveit
einingsleiar
E-post
Telefon 46 89 03 62