Kvamsøy barnehage

Kvamsøy barnehage

Kvamsøy barnehage er ein kommunal barnehage der Sande kommune er eigar og drivar. Barnehagen har plassar for barn i alderen 1-5 år. I tillegg er SFO-ordninga tilknytt barnehagen.

Barnehagen er ein del av Kvamsøy oppvekstsenter og held til i eigne lokale, i tilknyting til skule og gymsal. Vi har fine friområde like ved, ei grillhytte oppe i skogen som vi kan nytte, og flott terreng til tur og utflukter. Vi legg stor vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggleik, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vere tydelege og nære vaksne for barna, og gje dei trygge rammer kvar dag.

Kvamsøy barnehage skal vere ein god stad å vere for både små og store, og vi legg vekt på gode naturopplevingar året rundt. Barna skal oppleve glede, og føle seg viktige og velkomne hjå oss. Vi vil skape gode barndomsminner ved å bry oss om kvarandre, vere ein del av eit fellesskap og føle at eg er OK - uavhengig av prestasjonar.

Vi vil:

  • Ha fokus på gode, trygge og stabile rammer for barn, foreldre og tilsette.
  • At dagane er prega av glede, humor, leik og trivsel.
  • Gripe dagen, og utvikle oss i takt med samfunnet.

 

Eigarforhold

Kvamsøy barnehage er eigd av Sande kommune. Barnehagane i Sande har ein felles visjon:

«Barnehagane i Sande kommune vil, i samarbeid med heimen, gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknyting til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve.

 

PALS

Kvamsøy barnehage er PALS barnehage.

Her finn du årsplanen til Kvamsøy barnehage (PDF, 708 kB)

Planleggingsdagar  23/24: 

  • Måndag 7. august
  • Måndag 25. september
  • Tysdag 2. januar
  • Fredag 15. mars
  • Fredag 10. mai

Ferie 

Veke 28 til og med veke 31 - måndag 8.juli til søndag 4.august.

NB! Det er mest truleg planleggingsdag for neste barnehageår måndag 5. august 2024.

Kontaktinformasjon SU:

Kvamsøy barnehage Samarbeidsutval
Representant Representerer
Ole Andre Beitveit Foreldre
Marit Nordby Kvamme Tilsette
Ragnhild Våge Støyle Leiing
Kjell Kvamme Politisk

Opningstider:
Kl. 07:15-16:30

Telefon: 
Kvamsøy barnehage, tlf.: 90912879

Pedagogisk leiar: Marit Nordby Kvamme, tlf.: 90983618

Einingsleiar: Ragnhild Våge Støyle, tlf.: 48100454

Besøk- og postadresse:         
Myrdalen 43
6087 Kvamsøy 

Her finn du Kvamsøy barnehage på GoogleMaps-kartet.

Kontakt

Ragnhild Våge Støyle
einingsleiar
E-post
Mobil 48 10 04 54