Spesialpedagogisk hjelp

Spesialpedagogisk hjelp

Formål: Å sikre barn under skulealder med spesielle behov tenester etter barnehagelov § 31.

Bekymring når barnet ikkje utviklar seg som forventa språkleg, sosialt, motorisk, emosjonelt eller kognitivt kan det vere at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp
- Foreldre kan ta direkte kontakt med barnehagen eller kommunen
- Barnehagen eller helsestasjon kan ta opp si bekymring for barnet med foreldre

Tilvising

Foreldre kan ta direkte kontakt med PPT og be om sakkunnig vurdering.
Barnehagen kan tilvise med samtykke frå foreldre. Barnehagen må nytte tilvisingsskjema og pedagogisk rapport.
Helse kan tilvise med samtykke frå foreldre. Helse kan nytte skjema for tilvising som ligg på kommunen sine heimesider.

Sakkunnig vurdering

PPT gjer ei utgreiing og kjem med ei tilråding.
PPT ber om innspel frå foreldre før tilråding.
PPT skal legge vekt på barnet sitt beste
PPT skal legge stor vekt på kva foreldre meiner.
Dersom barnet går i barnehage skal PPT gjere greie for om barnet kan avhjelpast innanfor det ordinære barnehagetilbodet.
Det kan vere aktuelt å hente inn informasjon frå relevante instansar som barnet har vore i kontakt med.
PPT skal orientere foreldre slik at dei kjenner til innhaldet i den sakkunnige vurderinga.

Vedtak
Sakkunnig vurdering vert sendt til kommunen.
Kommunen/ barnehagestyrar skal bruke den sakkunnige vurderinga som eit utgangspunkt for å vurdere og avgjere om barnet har rett til spesialpedagogisk hjelp.
Kommunen skal gi foreldre høve til å uttale seg før dei fattar vedtak.
Foreldre skal samtykke før kommunen fattar vedtak og set i gong spesialpedagogisk hjelp.
Foreldre har ikkje plikt til å ta i mot spesialpedagogisk hjelp.
I vedtaket skal det kome fram kva tilbod barnet skal få, kor lenge det varer, kva timeomfang hjelpa skal ha, korleis hjelpa skal organiserast og kva kompetanse dei som gir hjelpa skal ha.
Foreldre skal alltid få eit tilbod om rådgjeving.
Kommunen/barnehagestyrar sender vedtak til foreldra.
Dersom foreldra flyttar til ei anna kommune, skal vedtaket gjelde fram til tilflyttingskommunen har fatta eit nytt vedtak i saka.
Foreldra har rett til å klage, både på avslag og på innhald av vedtaket, sakshandsaminga og på mangelfull oppfølging av vedtaket.
Foreldre skal sende klagen til kommunen.

Gjennomføring

Barnehagen har ansvar for at barnet får det som står i vedtaket.
Foreldre skal få tilbod om rådgjeving.
Barnehagen lagar ein plan for tilbodet som skal seie noko om innhaldet, korleis barnet skal få hjelpa, kven som skal gi hjelpa, når og kor barnet skal få hjelpa

Evaluering
Den som gjennomfører hjelpa lagar årsrapporten.
Årsrapport vert sendt til foreldre med kopi til kommunen og PPT.
Dersom barnet sitt behov vert endra, eller den sakkunnige vurdering er utløp ber barnehagen med samtykke frå foreldre om ny sakkunnig vurdering.