PALS-barnehage

PALS-barnehage

Dei fleste barnehagane i Sande jobbar systematisk  etter PALS- modellen. 

PALS er ein systematisk arbeidsmodell. Målet er å styrke barna sin sosiale kompetanse og  førebygge og meistre problemåtferd.

 

PALS står for:

  • POSITIV  ÅTFERD
  • STØTTADE LÆRINGSMILJØ
  • SAMHANDLING

Alle ( dvs. alle vaksne rundt barna) skal legge vekt på positiv involvering og oppmuntring. Hovudfokus skal vere å sjå og verdsetje god åtferd. Når barna opplever at dei vaksne set same grenser for mobbing og asosial åtferd, vil dette i seg sjølv verke førebyggande

 

Negativ åtferd skal få milde reaksjonar som er kjende på førehand.

 

GRUNNLEGGANDE REGLAR:

 

  • VIS RESPEKT
  • VIS OMSORG
  • TA  ANSVAR

 

Du kan også lese meir  om PALS her. 

 

Visjonen til barnehagane i Sande :

«Barnehagane i Sande kommune vil i samarbeid med heimen gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknyting til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt ,og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve."