Redusert foreldrebetaling og betalingssatsar

Redusert foreldrebetaling og betalingssatsar

Redusert foreldrebetaling

Ingen familier skal betale meir enn seks prosent av den totale årsinntekta sin for barnehageplass.

Makspris for ein barnehageplass er 3 050 kroner frå 1. august 2022. Dersom familien samla tener 598 825 kroner eller mindre i året, har de krav på rabatt. Dette tilbodet blir kalla redusert foreldrebetaling. 

Hushaldningar med lavere inntekt enn 598 825 kroner kan søke om gratis kjernetid for barn mellom 2-5 år. Dette er gratis barnehage 20 timer i veka, når barnet er 2, 3, 4 og 5 år. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uansett om du har deltids- eller heiltidsplass til barnet. Det vil sei at det er mogeleg for foreldre å ha 20 gratis timar og betale for den resterende barnehagetida for barnet.

Søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid må sendast til den kommunen der barnet er folkeregistrert.

Søk om redusert foreldrebetaling

Kva kostar barnehage? frå 01.08.22

Betalingssatsar barnehage frå 01.01.23

Betalingssatsar barnehage frå 01.01.23
100 % 80% plass 60 % plass Ekstra dag For sein henting pr påbegynt halvtime
3000 2400 1800 257 134
Mat 100 % plass Mat 80 % plass Mat 60 % plass
450 360 270

Syskjenmoderasjon for barnehageplassen:
30 % for 2. barn
50 % for 3. barn

Betaling for 11 mnd pr år.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. juni kvart år, om du vil ha søknaden behandla innan 15. august.

Søknader som kjem inn etter fristen vert behandla fortløpande, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen mottek søknaden. Vedtaket gjeld for eitt barnehageår.

Hugs dokumentasjon til søknaden

Før du skal søke må du finne fram skattemelding (sjølvmeldinga) frå siste år. Denne må du legge ved søknaden du sender inn. Den er dokumentasjon på at du faktisk har krav på rabatt.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal desse dokumenterast. Dette er bl.a. renteinntekter, aksjeutbytte, leigeinntekter. Søknaden vert ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Dersom du akkurat har flytta til Norge og ikkje har skattemelding, lønnslippar eller vedtak fra NAV, må du legge ved politiattest på opphaldsløyve.

Varigheit

Vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen mottek søknaden din, og er gyldig ut barnehageåret. Du må sende ny søknad kvart år.

Du kan søke i løpet av barnehageåret dersom  det er vesentlig og varig endring i inntekta. Det kan vere at inntekta går kraftig ned på grunn for eksempel arbeidsledigheit, samlivsbrot eller dødsfall.

Definisjon på hushaldning

Ei husholdning er ektefeller, registrerte partnarar eller sambuarar.

Sambuarar er to ugifte personer over 18 år, som har felles barn eller har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold, i minst 12 av dei siste 18 månedene.

Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betalinga bli regna ut fra inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Klage på avslag

Vedtak om redusert foreldrebetaling er eit enkeltvedtak etter Forvaltningslova.

Dersom du får avslag på søknaden kan du klage.