Retten til eit godt og trygt psykososialt barnehagemiljø

Retten til eit godt og trygt psykososialt barnehagemiljø

Barnehagen har nulltoleranse mot mobbing. Barnehagen skal ikkje godta krenkingar som  til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen, skal gripe inn når eit barn i barnehagen vert utsett for slike krenkingar.

Barnehagen skal førebygge i tilfelle der barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen, leiken og læringa til barna.

Barnehagen har ei aktivitetsplikt som følgjande:

  • Barnehagen må ha gode rutiner på å vere tilstades for barna.
  • Tilsette skal følgje med på korleis barna har det i barnehagen. Dei skal gripe inn dersom barn vert utsett for utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.
  • Tilsette  skal melde frå til styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Kvar barnehage i kommunen har sine rutinar på melding til styrar.
  • Ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen snarast undersøke korleis barnet har det.
  • Styraren skal melde frå til barnehageeigar i alvorlege tilfelle, dvs saker med særleg vald, når fleire barn utsett eit barn og/eller  krenkingar som har vore over tid utan at barnehagen har løyst dette. Kommunen har eige varslingsskjema.
  • Når eit barn eller foreldre seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøke og så langt det finnes egna tiltak, sørge for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø. Det same gjeld når ein undersøking som barnehagen sjølv har sett i gang, viser at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • Barnehagen skal lage ein skriftleg plan når det vert sett i verk tiltak i ei sak. Omfanget av dokumentasjon vil variere frå sak til sak. I planen skal det stå:

a. Kva problem tiltaka skal løyse

b. Kva tiltak barnehagen har planlagt

c. Når tiltaka skal gjennomførast

d. Kven som skal gjennomføre tiltaka

e. Når tiltaka skal evaluerast

  • Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen, krenker eit barn med til dømes  utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande straks melde frå til styrar. Styraren skal melde frå til barnehageeigar.
  • Dersom en som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styraren i barnehagen krenker eit barn med til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande melde frå til barnehageeigar direkte.