Kort oversyn over kva appen Edlevo (TietoEdu) kan nyttast til
Fråvær: Registrer heildagsfråvær ved sjukdom eller anna korttidsfråvær. Du vil også sjå oversikt på det totale fråværet skulen har ført på ditt barn.
Søknad om fri: Du kan søke om fri for eleven.
Meldingar: Du kan sende melding til barnehagen eller lærar, og dei kan sende til deg.
Nyhende: Barnehage, skule/SFO kan publisere felles nyhende til alle føresette.
Timeplan: Sjå eleven sin timeplan.
Samtykke: Svar på samtykke og oversikt over kva du har samtykka til.