Personvernerklæring for barn i oppvekstsektoren i Sande

Ei personvernerklæring fortel deg kva opplysningar vi samlar inn om deg og kvifor vi treng å gjere dette. Den seier også noko om korleis vi tek vare på denne informasjonen, kvar vi har den lagra og kor lenge. Du kan lese meir om personvern på https://www.dubestemmer.no/ .

Kva veit vi om deg?

Vi veit kva du heiter, kvar du bur og korleis vi kan kontakte deg. Vi veit også kven som er i familien din og korleis vi kan kontakte desse. Vi veit om det er andre vaksne som har ansvar for deg. Vi kjenner til om du har barnehageplass, går på SFO eller i kva klasse du går i på skulen din. Vi kjenner til om føresette betalar for barnehage eller SFO og kor mykje.   

Vi veit om du har vore borte frå skulen og kor lenge du har vore det. Vi veit også korleis du har det på skulen, og om du har god orden og åtferd. Vi veit om du treng litt ekstra hjelp i barnehagen eller skulen, eller om det er noko vi må passe spesielt på.

Kvar har vi fått desse opplysningane?

Opplysningane om deg kjem frå fleire stadar. Opplysningar som namn, adresse og familie kjem frå Folkeregisteret. Der er alle som bur i Noreg registrerte. Andre opplysningar kjem frå foreldre som skriv det inn når dei søkjer barnehage- eller SFO-plass, eller når du byrjar i skulen.

Det som handlar om tida du er på skulen er det læraren som skriv inn, men du gir også opplysningar om deg sjølv når du jobbar i lærebøker og program på nettbrett eller på datamaskin.

Kvifor må vi vite dette?

I Noreg har vi lover som seier nøyaktig kva reglar som gjeld i barnehage og skule. Dei viktigaste er Barnehageloven, Opplæringslova og Forvaltningsloven, og det finst mange fleire. For at vi skal kunne følgje desse lovene, må vi ha nokre datasystem. Opplysningane om deg finst i desse systema. Desse systema hjelper oss i kommunen til å halde orden på alle barnehageborn, skuleelevar, føresette og tilsette.  

Når samlar vi inn opplysningar om deg?

Vi samlar inn namn, adresse og familieforhold fire gongar i året, frå du er fødd til du blir 16 år.
I tillegg lagrar vi opplysningar frå føresette som skriv desse inn i systema sjølve. Også dei tilsette i skulen skriv heile tida inn nye opplysningar i systema. 

Kvar tek vi vare på denne informasjonen?

Vi har datasystem som lagrar informasjonen om deg. Du skal vere sikker på at ingen andre enn deg, dine føresette og dei tilsette som jobbar nærmast deg, kjenner til desse opplysningane. 
Vi har skrive under på avtalar(databehandlaravtalar) med  dei som eig systema vi bruker. Avtalen sikrar at dei som eig systema ikkje ser på, eller gjer noko anna gale med opplysningane om deg.
Nokon opplysningar kan vere meir personlege enn andre (sensitive opplysningar). Dette er informasjon som kan vere helseopplysningar eller opplysningar om spesielle forhold som gjeld deg. Desse er enda betre beskytta og ligg på ein plass vi kallar «sikker sone» (Sikker arbeidsflyt). Ein må ha ein ekstra «nøkkel» for å kunne sjå desse opplysningane.  

Kven deler vi opplysningane med?

Mange treng å vite ting om deg som person. Det meste tek vi vare på i våre system som vi har avtale på å bruke. Edlevo (sikker arbeidsflyt) er eit slikt system, og her tek vi vare på det meste.
Vi deler også noko opplysningar med dei som lagar læremiddel på nettet, slik at dei kan vite kven du er og kva skule og klasse du tilhøyrar når du loggar på.
Når du sluttar på skulen - eller flyttar, må vi sende opplysningane og resultata til den nye skulen du skal gå på. Dersom du flytter ut av kommunen, bestemmer føresette kva opplysningar som kan delast.
Når du skal ta nasjonale testar, prøve og eksamen, sender vi opplysningar om deg til Utdanningsdirektoratet. 
Dersom skulen skal samarbeide med andre instansar om deg (helsetenesta, PPT m.m), må  det innhentast samtykke om dette. Det betyr at skulen kan fortelje om deg til andre.

Korleis kan du få greie på kva vi veit om deg?

Dersom du lurer på kva vi veit om deg i alle systema våre, så kan du be kommunen samle alle opplysningar vi har om deg og sende til deg. Ønskjer du dette må du bruke skjemaet  Innsyn, retting, sletting og protest 

Personvernombod

Sande kommune har eit eige personvernombod som skal gi råd og informasjon om personvern. Personvernombodet heiter Reidun Auflem Vik. Ho er ombod for alle tilsette, elevar og inbyggjarar i Sande og kan svare på spørsmål du har om personvern. 

Dersom du er lærar eller elev kan du sjølv sjekke kva Feide veit om deg, og sende vidare til andre program og system ved å logge deg inn her: https://innsyn.feide.no