Permisjon frå opplæring

Permisjon frå opplæring

Elevane har rett og plikt til å møte på skulen kvar dag, jf. Opplæringsloven § 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring.

Permisjon/ søknad om fri


Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring, vert styrt av Opplæringsloven § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa: ”Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.”  

Den opplæringa eleven går glipp av i samband med permisjon etter § 2-11, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare. Ein permisjon avkortar eleven sin rett til grunnskuleopplæring tilsvarende dei permisjonsdagene ein har fått. Ein kan ikkje rekne med at at skulen vil gi eleven ekstra undervisning for å ta igjen for fråværsperioden, eller at lærarane vil gi eleven et opplæringstilbud / leksetilbud i permisjonstida.

Dersom rektor etter Opplæringslovens § 2-11 gir avslag på søknaden om permisjon, og dei føresette likevel vel å ta barnet ut av skulen, blir dette registrert som ugyldig fråvær. Skulen har også ei meldeplikt overfor NAV dersom eleven sitt fråvær er utenlandsopphald, jf. Folketrygdloven § 21- 4 tredje ledd; " Skoler kan pålegges å gi rutinemessige meldinger når elever har fravær som kan skyldes utenlandsopphold. "

Utskriving frå skulen


Opplæringsloven sin bestemmelse om maksimal permisjonstid på 2 veker (10 skuledagar) er ufråvikeleg. Grunna Opplæringsloven sin bestemmelse om maksimal permisjonstid på 2 veker, må rektor avslå alle søknadar som gjeld permisjon for ei periode på meir enn 10 skuledagar. Dersom dei føresette vel å ta eleven ut av skulen utover 10 skuledagar, vil eleven bli skrive ut av skulen. Eleven vil då per definisjon ikkje lenger vere elev ved skulen. Skulen har ikkje et opplæringsansvar for utskrivne elever, noko som vil gi dei føresette eit utvida opplæringsansvar. I tida eleven er utskrive av skulen, må dei føresette gi barna opplæring som tilsvarer den som blir gitt i offentlig skule, jf. oppl.loven § 2-1 første ledd og § 2-13.

Utskriving kan du gjere i foreldreportalen til Vigilo
 

Korleis søke om permisjon? 

Bruk elektronisk skjema Søknad om permisjon fra pliktig opplæring

Rektor behandlar søknaden og fattar enkeltvedtak på bakgrunn av lovverket.

Dette skal kome i vigilo etterkvart.