Retten til eit godt og trygt læringsmiljø

Retten til eit godt og trygt læringsmiljø

Skulane i Sande jobbar for å skape gode skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er nulltoleranse mot mobbing, krenkingar, vald, diskriminering og trakassering. Eleven har ein individuell rett til eit trygt og godt læringsmiljø, og det er eleven si eiga subjektive  oppleving som avgjer om skulemiljøet er trygt og godt.

Skulen skal arbeide systematisk med førebygging

  • Elevane skal ta del i planlegging og gjennomføring av arbeidet .
  • Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane i 9A.
  • Samarbeidsutvalet, skuleutvalet, elevråd og foreldre skal haldast informert.
  • Elevrådet kan velje representantar til å ta i vare elevane sine interesser overfor skulen og styresmaktene i skulemiljøsaker.
  • Tiltak som kan nyttast ved  brot på reglementet, skal vere fastsette i reglementet.
  • Skulen gjennomfører elevundersøking, spekter og sosiometrisk kartlegging.
  • Kontaktlærar tek opp eleven sitt skulemiljø i faste elev- og utviklingssamtalar.
  • Elevane sitt skulemiljø er tema på foreldremøte.
  • Skulen sitt førebyggande arbeid med skulemiljø er  dokumentert i eigen plan.
  • Kommunen sørgjer for at skulane har kompetanse om skulemiljø og arbeid mot mobbing. Rektor har ansvar for at dei tilsette er oppdatert.

Dersom tilsett mobbar eller utset barn/elevar for krenkingar, vald, diskriminering eller trakassering har kommunen retningsliner for korleis ein varslar dette. (PDF, 454 kB)

Klage

Dersom elev eller foreldre meiner at skulen ikkje oppfyller aktivitetsplikta, og saka er teken opp med skulen har dei rett til å få saka si prøvd med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Målet er at det skal vere mogleg å få prøvd saka av eit mynde utanfor skulen. Foreldre kan klage munnleg eller skriftleg. Statsforvalteren har verkemiddel og mynde til å sørgje for at elevar sin skulesituasjon vert endra om nødvendig. Statsforvalteren fattar einskildvedtak.

Dersom eleven eller foreldre vil kontakte nokon  som kan vurdere om skulen  har gjort plikta si, kan dei melde frå til Statsforvalteren (handhevingsordninga).