Gursken oppvekstsenter

  

Gursken oppvekstsenter ligg i Gursken. I skuleåret 22/23 vil skulen ha rundt 118 elevar som går frå 1.-10.klasse. Skulen har SFO-tilbod om morgonen frå 07.15-08.25 og etter skuletid frå 13.15-16.15. Gursken skule har frå komande skuleår 17 lærarar, i tillegg til leiinga, assistentar, reinhaldarar og vaktmester. Dei jobbar kvar dag for at skuledagane skal vere best mogleg for elevane.

 

Visjonen til skulen:

«Gursken saman for trivsel og læring»

Vi har tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!

Målet er at alle elevane skal trivast og utvikle seg.

PALS

Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for elevane. Dette er eit viktig verktøy inn mot elevane sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen.

Edlevo

Edlevo er eit digitalt verktøy skulen brukar i skule-heim samarbeid. I appen vil føresette kunne sende beskjedar til skulen/lærarar, i tillegg til å kunne melde fråvær og sende søknadar om fri, m.m.

Vi ynskjer at alle føresette har appen tilgjengeleg og nyttar denne aktivt.

Les meir om appen og funksjonane her:  Edlevo

Google classroom

Google classroom blir i dag nytta i alle klasser ved skulen, her blir det oppretta eigne fagrom der lærarane legg ut relevant informasjon til elevane sine, i tillegg til arbeidsoppgåver som elevar arbeider med, både på skule og heime. Vekeplanar og anna informasjon til elevane blir også lagt inn her i eigne informasjonssider for dei ulike klassetrinna. Google classroom fungerer som eit samarbeidsverktøy mellom elev og lærar.

Vi jobbar spesielt med:

Skulen er ferdig med ungdomstrinnsatsinga konkret, men held fram med å ha fokus på god klasseleiing og lesing. Vi skal utvikle oss både kollektivt og individuelt. Skulen bur seg også til oppstart av ny læreplan (fagfornyinga) som kjem hausten 2020.

Støttande læringsmiljø. Det bygger på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes, Gjerdsvik, Sandsøy og Kvamsøy. Les meir om PALS her.

Gursken oppvekstsenter samhandlar med PPT om utvikling av skulen.

Vi ønskjer å ha eit godt skule-heim-samarbeid.

Vi er lykkelege over at Sande kommune og idrettslag har samarbeidd om å byggje kunstgrasbane som er plassert her ved skulen. Bana har ført til ein betre skulekvardag for elevane ved skulen og den er mykje i bruk. Aktivitet skaper trivsel. Trivsel og læring høyrer saman.

Vi gjer kvarandre gode i Gursken!

Skulerute

Her er link til skuleruta for skuleåret 2022/2023: Skuleruta

Kontaktinformasjon:

Her finn du styringsdokument for skulen.

Du finn meir informasjon om skulen ved å gå inn på PEDIT

eller på facebook-sida vår 

Her finn du styringsdokument for skulen.

Kontaktinformasjon FAU og SU:

Gursken oppvekstsenter FAU
Klasse Foreldre
1. Espen Vike
2. Camilla A Vik
3. Weronica C. Elzbieta
4.
5. Nina Prozenko
6. Janne Fenes
7. Ramona Moltumyr
8. Annbjørg Skare
9. Stein Are Smoge
10. Kristin Våge

Kontaktinformasjon:

Gursken oppvekstsenter
Namn Tittel Telefon
kontormedarbeidar 70026799
Marianne Solbjørg Ose rektor 70026795/ 99239125
Linda Rise Stridh rådgjevar 70026797/ 90093956
Elena J. Voldnes Joksch undervisningsinspektør 70026796/ 47239189

Besøks/ postadresse : Vågen 10, 6082 Gursken 

Her finn du Gursken oppvekstsenter på GoogleMaps -kartet.

Kontakt

Marianne Solbjørg Ose
einingsleiar
E-post
Telefon 70 02 67 95
Mobil 992 39 125
Linda Rise Stridh
rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 97
Mobil 900 93 956
Kari Myklebust
kontormedarbeidar
E-post
Telefon 70 02 67 99
Mobil 954 60 118