Kvamsøy oppvekstsenter

Kvamsøy oppvekstsenter

Vestlandsnytt

Kvamsøy skule er ein del av Kvamsøy oppvekstsenter som i dag består av skule og barnehage.

Skulen er ein 1.-10. skule og har rundt 20 elevar, jamt fordelt på dei ulike trinna. Skulen ligg flott til med godt uteområde som barna kan bruke til ulike aktivitetar. Det er også enkelt å nytte det flotte terrenget til turar og utflukter.

Frå august 2020 vart Kvamsøy skule slått saman med Sandsøy skule, og elevane frå Voksa og Sandsøya går ved Kvamsøy oppvekstsenter.

Visjonen til skulen

«Saman for læring og eit godt oppvekstmiljø».
Vi har tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!

Vi jobbar spesielt med

Støttande læringsmiljø og trygt skulemiljø
Det bygg på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes og i Gursken.

Som eit tillegg til PALS-modellen, har vi også fokus på skulemiljøet. Vi vil ha ein skule som er fri for mobbing, der alle støttar kvarandre.

Alle i skulesamfunnet skal jobbe for at elevane og dei vaksne skal ha eit godt arbeidsmiljø, der alle føler seg verdsett og inkludert. Spele på lag, sjå kvarandre, gje kvarandre positive tilbakemeldingar, ha respekt for kvarandre, vise omsorg for kvarandre, vere i godt humør, smile til kvarandre, vite at nokon bryr seg. Fleire fellesopplevingar i løpet av skuleåret er med på å sveise oss saman – små og store. 

Faglege satsingsområde
Skulen jobbar med fagfornyinga, der den nye læreplanen (LK20) skal danne rom for meir djupnelæring og tverrfagleg samarbeid. Det er og tenkt at elevane skal få rom til å jobbe meir praktisk. I tillegg er det fokus på ny leseplan, utarbeida av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke til planen her: Leseplan

Vi nyttar også BTS som støtte i arbeidet, og det er godt fokus på tverrfagleg arbeid. 

 

Her finn du styringsdokument for skulen.

 

Årsplan

Årsplan Kvamsøy barnehage: Årsplan Kvamsøy barnehage 2023-2024 (PDF, 744 kB)

Årsplan Sandsøy barnehage: Årsplan Sandsøy barnehage 2023-2024 (PDF, 699 kB)

SFO-tilbod 

Les meir om SFO-tilbod her.

Vigilo

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.

 

FAU ved Kvamsøy skule 2023-2024:

FAU ved Kvamsøy skule 2023-2024
Representant Representerer Funksjon
Mads Brekke Kvamme Elevråd
Alexander Vonheim Elevråd
Trine-Lise Auflem Vik Lærar
Trine Kvamme Rusten Lærar
Marte Ristesund Brekke Andre tilsette
Kjell Kvamme FAU
Sandra Brekke Olsen FAU
Anne Marthe Skarmyr Beitveit Politisk representant
Ragnhild Våge Støyle Arbeidsgivar

 

SU ved Kvamsøy skule 2023-2024:

FAU ved Kvamsøy skule 2023-2024
Representant Representerer Funksjon
Mads Brekke Kvamme Elevråd
Alexander Vonheim Elevråd
Trine-Lise Auflem Vik Lærar
Trine Kvamme Rusten Lærar
Marte Ristesund Brekke Andre tilsette
Kjell Kvamme FAU
Sandra Brekke Olsen FAU
Anne Marthe Skarmyr Beitveit Politisk representant
Ragnhild Våge Støyle Arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

E-post:  

post.kvamsoy@sande.kommune.no

 

Kontakt

Ragnhild Våge Støyle

Einingsleiar

E-post: ragnhild.vage.stoyle@sande.kommune.no

Mobil 481 00 454

 

Trine-Lise Auflem Vik

Setterektor

E-post: trine.lise.vik@sande.kommune.no

Mobil 45242139

Besøk- og postadresse:         
Myrdalen 43
6087 Kvamsøy 

Her finn du Kvamsøy oppvekstsenter på GoogleMaps -kartet

Kontakt

Ragnhild Våge Støyle
einingsleiar
E-post
Mobil 48 10 04 54
Reidun Moltumyr Kvamme
adjunkt
E-post