Spesialundervisning

Spesialundervisning

Kva er spesialundervisning?

Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærar eller assistent følgjer opp eleven i klassen eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr. Spesialundervisninga skal vere tilpassa behovet til ditt barn

Kven får spesialundervisning?

Dersom du eller skulen er bekymra for om barnet ditt ikkje har godt nok utbytte av opplæringa, skal skulen forsøke å tilpasse betre for barnet ditt. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg må skulen og PP-tenesta vurdere og gi
råd om kva barnet treng, og skulen må fatte eit enkeltvedtak.
PP-tenesta kan samarbeide tverrfagleg på lokalt nivå, til dømes med helsetenesta eller barneverntenesta, og på statleg nivå med til dømes Statped eller psykiatriske tenester. PP- tenesta har teieplikt

Les meir om PP-tenesta og spesialundervisning her ( nynorsk)

Les meir om PP-tenesta og spesialundervisning her ( engelsk)

Les meir om PP-tenesta og spesialundervisning her ( polsk)