Informasjon om samarbeid med barnehage

Informasjon om samarbeid med barnehage

Barnehagelova § 33 viser  til at «Den pedagogisk-psykologiske tjenesten skal bistå barnehagen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbudet for barn med særlige behov».

PPT samarbeider med barnehagen for å legge til rette for at barn skal ha eit trygt og godt miljø jmf. § 1 i barnehageloven: «Forskriftens formål er å bidra til at miljøet i barnehager, skoler og andre virksomheter som nevnt i § 2 fremmer helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold samt forebygger sykdom og skade.»

I tillegg skal PPT vere ein sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp i følgje barnehageloven § 33 «Den pedagogisk-psykologiske tjenesten skal sørge for at det blir utarbeidet lovpålagte sakkyndige vurderinger.»

PPT arbeider på organisasjons-, gruppe- og individnivå. Barnehagen kan ha behov for rettleiing og støtte i einskilde saker. Det kan vere vurdering av barnehagemiljø, gruppemiljø, barnegrupper eller enkeltbarn si læring og utvikling fagleg eller sosialt. Dei kan då be om konsultasjon med PPT.

Konsultasjon med PPT

-med tanke på utprøving av tiltak for å betre barnehagemiljøet og/eller høva til læring og utvikling

I følgje krav om tidleg innsats for å ivareta behovet til det einskilde barnet skal ein nærare vurdere å setje i verk tiltak for barn som treng tilpassing/ekstra oppfølging. PPT legg til rette for to konsultasjonsøkter, den første innan eit par veker.

Ved problem knytt til læringsmiljø, tek vi utgangspunkt i problemløysingsmodellen. Målet er å belyse utfordringar ut i frå ulike perspektiv og i lag reflektere kring løysingar og tiltak. Ved utfordringar knytt til barnet si læring og utvikling tek ein utgangspunkt i vurdering av barnehagen si kartlegging, fagmål og planar. Konsultasjon kan også nyttast som observasjon av gruppa/vaksne med tilbakemelding i høve bestilling.

Gjeld saka barnehagemiljø er det viktig med eit godt samarbeid med foreldra, derfor rår vi til at barnehagen informerer foreldra om samarbeidet med PPT. I saker som gjeld det einskilde barnet oppmodar vi om at barnehagen innhentar samtykke.

For at barnehagen skal ha nytte av konsultasjonen må dei ha analysert og vurdert tidlegare utprøvde tiltak, både fagleg og sosialt, jmf. kommunen sin kartleggingsplan. 

Har barnehagen framleis bekymring for barnet si læring og utvikling fagleg og/eller sosialt, kan dei i samråd med foreldra be PPT om sakkunnig vurdering, viser til eige skjema for tilmelding.