Alle skulane i Sande gir tilbod om skulefritidsordning.
Tilbodet er ulikt frå skule til skule, alt etter kor mange som har søkt og kva behov foreldra har.
SFO på Kvamsøy er samlokalisert med Kvamsøy barnehage
Kvamsøy :
Kvar morgon : 07.15.- 08.40
Måndag og torsdag frå klokka 14.50.-16.30.
Tysdag, onsdag og fredag frå klokka 12.35.-16.30.
SFO på Sandsøy er samlokalisert med Sandsøy barnehage
Ikkje SFO om morgonen
Måndag og torsdag frå klokka 15.15.-16.30.
Tysdag, onsdag og fredag frå klokka 13.00.- 16.30.
SFO på Larsnes
SFO er open kvar dag frå kl 7.10 og til skulestart og etter skuletid til 16.10.
SFO på Gursken
SFO er open kvar dag frå 7.15 og til skulestart og etter skuletid til 16.15.
15.april er søknadsfristen for SFO-plass ved skulane i Sande. Du kan også søkje om å få plass/ endre plass utanom fristen, men skulen må ha budsjettdekning for å endre tilbodet i skuleåret.
Skulefritidstilbodet følgjer ferie- og fridagar i skuleåret.
Sommartilbod ved skulefritidsordninga
Det vert gitt sfo-tilbod to veker før skulestart om hausten. For 2022 blir det i veke 32 og 33.
Tilbodet er ope frå kl 7.30 -15.00. og er ope for alle elevar i Sande som skal gå i 1.-4. klasse til hausten.
Borna må ha med eigen matpakke då matservering ikkje ligg inne i tilbodet.
Tilbodet blir gitt ved den skulen der det er flest søkjarar.
Pris pr time er kr 40,-
Søknad og søknadsfrist: 15.april
Her finn du søknadsskjemaet til Sommar-sfo. I søknaden gir du opp kor mange timar du treng. Denne påmeldinga er bindande.
Du får svar fortløpande når vi får inn søknaden.
Vedtekter
Her finn du Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 27 kB)
Kva kostar ordinær plass på skulefritidsordning?
Søskenmoderasjon:
30 % for 2.barn
50 % for 3. barn
Korleis søkjer eg?
Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet for ordinær plass
Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med Sande kommune på tlf 70026700 , så hjelper vi deg.
Søknaden gjeld for eitt år om gongen.
Når får eg svar?
Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.
Takke ja til plassen?
Her finn du lenka som du skal bruke når du takkar ja til plassen.