Pris og moderasjon

Pris og moderasjon

Frå 01.08.23 gjeld desse plasstypane og prisane for skulefritidsordninga i Sande kommune:
 

Moderasjonsordningar i SFO

Det er fastsett tre moderasjonsordningar i SFO:

  • Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1.–4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
  • Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn
  • 12 timer gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn 
Syskenmoderasjon


Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO i Sande kommune.
Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:
•    for barn nummer to: 30 %
•    for barn nummer tre: 50 %
Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.
 

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5. – 7. årstrinn

Kommunane skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilte behov på 1.–7. trinn. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Dette følger av § 1B-3.

Foreldra til barn med særskilte behov vil også kunne vere omfatta av moderasjonsordninga om reduksjon i foreldrebetalinga ved lav inntekt på 1.–4. trinn. 

For utfyllande informasjon:
https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Leksehjelp/veileder-om-moderasjonsordninger-i-sfo/ 

Gratis kjernetid inntil 12 timar per veke for elevar på 1. og 2. trinn med plass i SFO

Elevar på 1. og 2. årstrinn får frå august 2023 inntil 12 timar gratis SFO. 

Skulefritidsordning - 2024
Opphaldstid Pris pr mnd Syskenmoderasjon 30% Syskenmoderasjon 50% Matpengar Diverse
inntil 8 t/ v 1240 868 620 120
inntil 12 t/ v 1860 1302 930 180
inntil 15 t / v 2320 1624 1160 225
inntil 20 t / v 3100 2170 1550 300
Timepris 70 kr per time
Kjøp av ekstra dag 200 kr for dag