Høyring - forskrift om godtgjersle og permisjonar for folkevalde

Høyring - forskrift om godtgjersle og permisjonar for folkevalde

Sande formannskap vedtok i møte den 22. august, sak F-73/23 å legge forslag til endringar i forskrift om godtgjering og permisjonar for folkevalde ut på høyring. 

Tidlegare forskrift vart godkjent av kommunestyret i 2020. No ligg det føre små endringar føreslegne av gruppeleiarane i kommunestyret. Forskriftsendringa føreset høyring og kunngjering etter dei krav som høyrer til. Forskrifta vert gjort gjeldande frå nytt kommunestyre trer i kraft 17.10.2023.

Forslag til forskrift kan du lese her. Sande kommunestyre skal gjere endeleg vedtak i saka den 10.10.2023


Høyringsfristen er 9. oktober 2023. 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan 09.10.2023

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.

Artikkelliste