Alkoholpolitisk handlingsplan for Sande kommune 2020–2024

Klikk for stort bilete pxfuel.com  Seinast 29. januar kan du uttale deg om utkastet til alkoholpolitisk handlingsplan for perioden 2020–2024.

Alkoholpolitisk handlingsplan - sak 19/12227

 

Kvifor har vi ein alkoholpolitisk handlingsplan? 

Innanfor alkohollova sine rammer har kommunane fått eit betydeleg ansvar og stor fridom til å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7 d.

Planen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert og aktuell. Planen skal innehalde hovudmåla for kommunen sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som skal nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgandg  til og forbruket av alkohol. Aktuelle verkemiddel kan vere tak på tal på sals- og skjenkeløyve, regulering av opningstider og avgrensing av kva konsept som skal få løyve m.m.

Den eksisterande planen går ut i 2020, og ein ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. 

 

Samarbeid mellom kommunane

Utkastet til alkoholpolitisk handlingsplan er utarbeidd av ei interkommunal arbeidsgruppe med representantar frå Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta kommunar. Dette fordi det tidlegare har vore eit uttalt mål at vår region har ein så lik løyvepolitikk som mogleg, utifrå omsynet til trafikktryggleik og like konkurransevilkår for næringa.

Arbeidsgruppa har vorte samde om eit felles utkast med omsyn til konsept, sals- og skjenketider og gebyr. Det er likevel slik at det vil vere opp til kvart enkelt kommunestyre å fastsetje den enkelte kommune sin løyvepolitikk utifrå lokale høve, slik at det kan verte lokale variasjonar i kommunane.

 

Frist og adresse

Høyringsfristen er 29. januar 2020. 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan 29.01.2020

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.

 

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent/sakshandsamar
E-post
Mobil 944 98 788