Høyring - Etablering av akvakulturlokalitet - matfisk torsk - ved Dysjaneset på Kvamsøy

 Sande kommune har motteke søknad frå Sunnmøre Torsk AS - org.nr 925795550 om etablering av akvakulturlokalitet - matfisk torsk - ved Dysjaneset på Kvamsøya.

Det er søkt om ei biomasse på 3599 tonn MTB. Omsøkt lokalitet ligg i eit område som er sett av til akvakultur i gjeldande kommuneplan.

Møre og Romsdal fylkeskommune har bedt kommuna om å legge søknaden ut til offentleg innsyn, i 4 veker. Kommunen skal så uttale seg om søknaden og sende inn alle innkomne merknadar til fylkeskommuna. 


Uttale vert å sendt til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller på epost

Høyringsfrist er sett til fredag 22. april 2022.