Tidlegare forskrift vart godkjent av kommunestyret i 2020. No ligg det føre små endringar føreslegne av gruppeleiarane i kommunestyret. Forskriftsendringa føreset høyring og kunngjering etter dei krav som høyrer til. Forskrifta vert gjort gjeldande frå nytt kommunestyre trer i kraft 17.10.2023.
Forslag til forskrift kan du lese her. Sande kommunestyre skal gjere endeleg vedtak i saka den 10.10.2023
Høyringsfristen er 9. oktober 2023.
Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
eller på
e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 09.10.2023
Du kan også skrive ditt høyringssvar her.