Oppstart av rullering av kommunenplanen sin arealdel - utlegging av planprogram til offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteKartEndringane gjeld etablering av byggegrenser mot sjø (jf. 100 meters beltet), etablering av byggegrenser mot offentleg veg og etablering av byggegrenser mot vassdrag som har betydning for natur,- kulturmiljø og friluftsinteresser.

1. Rullering av kommuneplanen sin arealdel – gjeldande byggegrenser langs sjø, offentleg veg og vassdrag

I samsvar med plan- og bygningslova, § 11-12, varslar Sande kommune at det vert sett i gang arbeid med rullering av kommuneplanen sin arealdel gjeldande byggegrenser langs sjø, offentleg veg og vassdrag for perioden 2020 – 2033. Sjølve arealbruken går fram av gjeldande arealplan 2014-2026.

Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna plan som femner om heile kommunen, både land- og sjøareal. Planen syner byggjeområde (bustader, næringsliv, offentlege formål, hytter o.a.), landbruks-,  natur og friluftsområde (her i også område med tillate med spreidd bustadbygging og område med spreidd bygging av fritidsbusetnad), verneområde, bruk av sjøområda (oppdrett, friluftsliv o.a.) og viktige samferdsleformål.

Målet med planarbeidet er å oppdatere eksisterande arealdel ved å fastsetje byggegrense langs sjø, offentleg veg og vassdrag. Det visast her til plan- og bygningslova «§1-8 Forbud mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag» og til veglova kap. V. Byggverk m.m., avkøyrsle, gjerde og grind.  Planarbeidet vil bygge på dokument utarbeidde i tilknyting til arealdelen 2014-2026, jf. elles framlegg til planprogram.

Viktige problemstillingar er: byggegrensene langs sjø og vassdrag er styrande for dei enkelte areala sin funksjon, anleggs- og bygningsmessige vilkår for bygging og drift, nødvendige tilknytingspunkt for bygningsmassen, anleggstiltak og transportforhold på tomtearealet og særskilde forhold knytt til fylling og etablering av kaifront i sjø. Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsone langs sjøen legg føringar for arbeidet. På same måte vil byggegrenser lang offentleg veg vere styrande for areal si utnytting og faktiske bruk.

Kommunen inviterer med dette alle til å kome med innspel  og synspunkt på fastsetting av byggegrenser gjeldande arealbruken i kommunen. Det vil som ledd i planprosessen bli arrangert eit folkemøte og eit møte med grupper som vert særleg berørt.

 

2. Planprogram for kommuneplanen sin arealdel – gjeldande byggegrenser langs sjø, offentleg veg og vassdrag: offentleg ettersyn

I samsvar medplan- og bygningslova §§ 11-13, vert forslag til planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel gjeldande byggegrenser langs sjø, offentleg veg og vassdrag lagt ut til offentleg ettersyn.

I planprogrammet er det gjort greie for siktemålet med planarbeidet, viktige problemstillingar og framlegg til framdriftsplan for planarbeidet. Ein viser også til kommunen sin Planstrategi og Planprogram kommuneplan Samfunnsdel 2020-2033.

Planprogrammet (med tilhøyrande dokument) er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget på Sande rådhus og du Framlegg til Planprogram for byggegrenser (PDF, 302 kB)

Du har høve til å kome med merknader.

Innspel til kommuneplanarbeidet og merknader til planprogrammet skal vere skriftlege og sendast til Sande kommune innan 14.12.2020.

 

Høyringssvar og frist

Innspel  til planen slik den ligg

kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  14.12.2020

Merk innspelet  om det gjeld 

 - innspel til planarbeidet (1) og/ eller 

-  innspel til planprogrammet (2).

Du kan også skrive ditt høyringssvar her Saksnr. 19/11820

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Oddbjørn Indregård
plan og utvikling
E-post
Mobil 975 88 811