Kva er eDialog?

Kva er eDialog?

eDialog er ein sikker kanal å sende informasjon gjennom. Vi oppmodar derfor flest mogleg om å bruke eDialog når ein skal sende post til Sande kommune, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheit.
eDialog gir ein sikker identifikasjon av avsendar.

For å sende oss post via eDialog, klikkar du her.

Du må autentisere deg ved hjelp av ID-porten, enten bankID, bankID på mobil, bankID på app, MinID, BuypassID eller Commfides.

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar inn eventuelle vedlegg i form av pdf-filer.

Tilgjengelegheiterklæringa for eDialog finn du her. 

Har du problem med å lese teksten eller har andre tilbakemeldingar på bruken av kontaktskjemaet for eDialog send ein epost til brukarstøtta for KS Fiks.