Rutine for varsling

Rutine for varsling

Sande kommune ønskjer å

  • sikre eit godt ytringsklima på arbeidsplassen og trygge varslingsforhold
  • sikre at varsling av kritikkverdige forhold vert tekne opp
  • sikre at arbeidstakarar skal kunne seie frå utan å vere redd for negative konsekvensar

   

Sande  kommune legg stor vekt på å vere ærleg, ryddig og open i all si verksemd. Både folkevalde og tilsette har ansvar for å etterleve dette prinsippet.

    Som forvaltarar av samfunnet sine fellesmidlar, vert det stilt høge krav til den enkelte medarbeidar sine etiske haldningar.

    Folkevalde og tilsette dannar grunnlaget for innbyggjarane sin tillit og haldning til kommunen, og skal difor ta avstand frå og arbeide for å hindre uetisk forvaltningspraksis.

    Det er vedteke etiske retningsliner (PDF, 258 kB)  for tilsette  i kommunen.

    Kan tilsette varsle?

    Tilsette i kommunen har fått sine eigne rutiner for varsling som dei finn i Compilo - som er kvalitetssystemet til Sande kommune. Her kan du som tilsett velje om du vil varsle anonymt eller med fullt namn. Arbeidstilsynet har god informasjon om varsling og Arbeidsmiljølova seier noko om rett og plikt til å varsle, samt vern for varslar.

    Kan innbyggjar varsle? 

    Om du ikkje er tilsett og ønskjer å varsle om kritikkverdige forhold, kan du gjere det i dette skjemaet som vert sendt til kommunen sin advokat. Om varselet gjeld rådmann og ordførar, kan du søke råd hjå andre offentlege instansar som Arbeidstilsynet, Økokrim, skatteetaten, Konkurransetilsynet, Datatilsynet, Miljødirektoratet, Helsetilsynet eller andre du har tillit til.

    Døme på tema det kan vere aktuelt å varsle om:

    • Underslag, tjuveri og økonomisk mislege handlingar
    • Brot på anbodsreglar
    • Brot på tryggleiksreglar
    • Upassande gåver eller bonusar
    • Mobbing og trakassering
    • Diskriminering
    • Fare for liv og helse
    • Maktmisbruk
    • Brot på teieplikta