Varsling 24 - Ofte stilte spørsmål

Varsling 24 - Ofte stilte spørsmål

Korleis virkar varslinga?

Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemeldinga vert lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du bedt om å taste: 1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga,  9 - dersom du ønsker å høyre meldinga ein gong til.

 

Er mitt mobilnummer registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar fra Difis kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysninger i Difis kontaktregister/Altinn vil du bli varslet. 

Di oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

 

 

Eg har hemmelig nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønsker å få varsel fra di kommune, må du gjere ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

 

Korleis får jeg varsel for andre adresser enn mi bustadsadresse?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbolig, dine foreldres bolig eller en fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på sms, som du brukar for logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil varslast for. Navn = den som bor på adressen du registrerer.

 

Eg bur i burettslag/ blokk/ sameie. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameie blir varsla dersom du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

 

Korleis finn eg ut om mine foreldres adresse er i en kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høre om dei bruker Varsling 24.

 

Korleis kan eg sjå  kva adresser eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadsadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.