Kriseleiing

Kriseleiinga i Sande kommune er slik samansett:

* Ordføraren
* Varaordførar
* Rådmannen
* Einingsleiar Sandetun
* Eining for heimetenesta
* Einingsleiar Teknisk eining
* Beredskapsmedarbeidar
* Lensmannen
* Infoansvarleg
* IKT-leiar

 

Kriseleiinga utgjer samstundes beredskapsrådet sitt arbeidsutval. Dette skal ha møte minst 1 gongar årleg. Beredskapskonsulenten er ansvarleg for innkalling og for å føre møteprotokoll.

Dersom nokon av medlemene i kriseleiinga blir merksam på ei hending - eller noko som kan hende - og som denne meiner kan krevje handling frå kommunen, har kvar einskild medlem rett og plikt til å kalle saman kriseleiinga.

Kriseleiinga kan kallast inn/varslast på ulike vis – der dei mest vanlige vil vere telefon eller UMS. UMS-varsel vert utført av Møre og Romsdal 110-sentral KF. Prosedyren er slik:
1.den som vil kalle inn kriseleiinga ringer nørdr. 110.
2.gi ordre til 110-operatør om å sende UMS-varsel til Kriseleiinga i Sande kommune.

Kriseleiinga nyttar kommunen sitt beredskapssekretariat som stab under innsatsen.

Alt etter omfanget av hendinga avgjer kriseleiinga om heile eller delar av beredskapsrådet - eller andre - skal kallast inn som rådgjevarar. Kriseleiinga avgjer òg om det skal søkjast hjelp frå Sivilforsvaret, Heimevernet, friviljuge hjelpeorganisasjonar, idrettslag eller andre.

NB: Dersom lokal redningssentral (LRS) er etablert, må bruk av desse organisasjonane avtalast med LRS!

Alle tilsette i kommunen skal vere orientert om at dersom dei får kjennskap til store ulykker eller katastrofar, så skal dei straks søkje kontakt med næraste overordna.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
Plan og utvikling
E-post
Mobil 975 88 811