Einingsleiar/ rektor - Larsnes oppvekstsenter 2. gongs utlysing

ID: 533

Søknadsfrist: 20.mars

Arbeidsstad f.t:

Larsnes oppvekstsenter. Skulen ligg på Larsnes, som er kommunesenteret i Sande kommune, og er ein barneskule (1.-7.) med omlag 85 elevar. Eininga  har grunnskule med SFO (1.-4.). Der er omlag 15 tilsette .

 

Arbeids- og ansvarsområde:

Stillinga er ledig frå 01.05.19. Dato for oppstart kan vere fleksibel.  

Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for heile eininga. Der ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga. 

Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar som evnar å få det beste ut av medarbeidarane sine og målrette arbeidet til beste for elevane.

Kvalifikasjonskrav:

  • Pedagogisk utdanning, gjerne også leiarutdanning/ rektorutdanning og/ eller leiarerfaring. 
  • Vi legg vekt på haldningar, evne til samarbeid internt og eksternt, og det å vere motiverande, utviklingsorientert, resultatorientert og handlekraftig. 
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før tiltreding.

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit kreativt og utviklande miljø gjennomsyra av kvalitetstenking.

Sande kommune utfordrar og løfter sine tilsette - og tek godt vare på dei ! 

Løns- og arbeidsforhold:

Løn etter avtale. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.

For fleire opplysningar : 

Øystein Johansen , oppvekst- og kultursjef , tlf 99291522

Korleis søkjer eg? 

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet for den ledige stillinga. 


Søknads- og tilsettingsprosessen 

Les meir om søknads- og tilsettingsprosessen her.



Velkommen som søkjar i Sande kommune!

Postadresse: Rønneberg 17, 6084 Larsnes - sande.kommune@sande-mr.kommune.no