Sande kommune

Fakta om Sande

Sande er ein liten kommune heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda.

Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Stad kommune.
Her finn du innbyggjartalet i Sande kommune. I Sande bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.

Meir enn halvparten av kommunen sine innbyggjarar bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og på øyane Kvamsøy og Sandsøy. Larsnes er kommunesenteret.

Folketal i krinsane
Krins 2016 2017 2018 2019 2020 2021
Kvamsøy 223 226 227 224 226 225
Sandsøy 227 220 213 201 194 184
Voksa 32 37 35 29 28 29
Gjerdsvika 379 368 264 353 339 333
Haugsbygda 354 349 343 356 349 364
Vågen/ Gurskebotn 454 445 440 431 443 423
Skredestranda 110 115 113 98 86 83
Larsnes 465 459 469 458 451 454
Hallebygda 296 304 306 326 332 334
Reg. utan krins 19 17 12 17 13 16
Tilsaman 2559 2540 2522 2493 2461 2442


 

Husstandar i krinsane
Krins Husstandar
Gjerdsvika 150
Gursken 280
Kvamsøy 110
Sandsøy 110
Larsnes 320

 

Næringslivet i Sande

Sande har eit aktivt næringsliv, og er ei av få kommunar i fylket med meir enn 100 % arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad knytt til den maritime næringa.
Sjå meir frå kommunen og næringslivet i Sandefilmen.

 

Kong Arthur-spelet  - Kongsvollen 

Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist nesten kvar sommar med stor suksess.
 

På tur i Sande

I Sande finn du mange  fine turmål som du kan nå til fots, på sykkel eller ved å bruke båt

I alle bygdelag er det merka gode turløyper med ulik lengde og utfordringar. På www.morotur.no  finn du mange gode forslag. I tillegg kan du finne karttavler og kjekke sandssokningar som gjerne gir deg gode tips om turar og aktivitetar i området.

Du kan klatre på Kvamsøya og padle frå badestranda på Larsnes, ta ekstremturen frå Hidsneset til Hidseggja, rundturen Arskotet -  Haugshornet - Gjøna, besøke "Kåken" i Oksavika eller vandre deg ein tur i Larsnesfjella.

Eller vil du sykle ein tur på Sandsøya? 

 

Overnatting

Det er Sandsøya som har flest overnattingsmuligheiter.Her kan ein både leige for nokre dagar og lengre tidsrom om det er ynskjeleg. Sjå spesielt hengekøye-campen på Sandsøya.

På Kvamsøy finn du  Basseneset feriehus på Kvamsøya  og så har vi Storholmen utanfor Kvamsøya - ei øy nesten for deg sjølv.

Diktaren Inger Hagerup skreiv i si tid eit tragikomisk dikt som dei fleste reknar med er inspirert frå Storholmen, der Hagerup sin onkel var bakar:

DET BOR EN GAMMEL BAKER

"Det bor en gammel baker
på en bitte liten øy.
Han er så lei av kaker
og krem og syltetøy.
Men han må sitte likevel
og spise sine kaker selv.
For han bor helt alene
på en bitteliten øy.

Bubil-parkering  på Sandsøya og i Haugsbygda.

I kvar bygd er det gjesteplassar for båtar.

visitalesund.no kan du finne fleire opplysningar.

 

Film om Sande

 

Kommunevåpenet til Sande 

Kommunevåpenet for Sande kommune syner ei linebøye i sølv på blå botn. Våpenet symboliserer fiske, som ein har lange tradisjonar for i Sande. Kommunevåpenet vart godkjent i 1987.  Det er Jarle Skuseth som har designa kommunevåpenet. Ideen til motiv var det Helge Kragseth som hadde. 

 

 

Ordførarar i Sande 

Sande var felles kommune med Herøy (inkludert Sande og Rovde anneks) frå formannskapslovene kom i 1837. Sande (med Rovde som anneks) vart utskilt frå Herøy i 1867. Rovde vart utskilt frå Sande 1905, og var eigen kommune til 1964. Åram vart utskilt frå Sande 2002.