Personvernerklæring - elektroniske skjema

Personvernerklæring - elektroniske skjema

Behandlingsansvarleg

Sande kommune er Behandlingsansvarleg for opplysningane som vert fylt inn i skjemaet.

Rettslig grunnlag og føremål med behandlinga

Det rettslege grunnlaget vi har for å hente inn opplysningane i skjemaet er som hovudregel Personvernforordningen artikkel 6 bokstav e) nødvendig for å utføre en oppgåve i allmennhetens interesse eller utøve offentlig myndighet som den behandlingsansvarlige er pålagt. Føremålet med å nytte skjemaet er å kunne tilby effektiv saksbehandling og gi raskast mogleg hjelp. 

Rett til sletting, retting og innsyn m.m

Som registrert kan du be om blant anna sletting, retting og innsyn i dei opplysningane vi behandlar om deg. For meir informasjon om korleis du kan utøve dine rettar og kven du kan kontakte sjå kommunen si personvernerklæring her.

Lagring av opplysningane i kommunen

Opplysningane vert lagra hjå kommunen så lenge det er nødvendig for det føremålet det er samla inn for eller så lenge det er nødvendig for å fylle lovpålagte pliktar til lagring.

Kontaktopplysningar

Sande kommune
Rønnebergsplassen 17
6084 Larsnes
postmottak@sande-mr.kommune.no
Telefon: +47 70 02 67 00 

Du kan og ta direkte kontakt med personvernombodet for Sande kommune, telefon: +47 70 02 67 25/ e-post: reidun.auflem.vik@sande.mr.kommune.no

 

Databehandlar Søre Sunnmøre IKT og Acos AS

Søre Sunnmøre IKT og Acos AS er databehandlarar for skjermdialogtenesta.
Søre Sunnmøre IKT driftar løysinga for kommunen og Acos AS er leverandør av skjermdialogtenesta. 

Lagring av opplysningar hos Søre Sunnmøre IKT.

Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare. Vel du å avbryte utfyllinga for å hente den opp igjen seinare, vil opplysningane berre vere tilgjengeleg i 72 timar før dei blir sletta. Opplysningane du har tasta inn vil ligge lagra på Søre Sunnmøre IKT sine serverar, og vil ikkje vere tilgjengelege for  kommunen før du sender inn søknaden. Når du har valt å sende inn, har du samtidig samtykka i at mottakar kan ta imot opplysningane.

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsendte søknadsdata slettast frå databehandlar sin server så snart søknaden er sendt til behandlingsansvarleg. Databehandlar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysning om mottakar).