Sande kommune

 

Fakta om Sande

Sande er ein liten kommune heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda.

Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Selje.
Her finn du innbyggjartalet i Sande kommune. I Sande bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.

Meir enn halvparten av kommunen sine innbyggjarar bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og på øyane Kvamsøy og Sandsøy. Larsnes er kommunesenteret.

Folketal i krinsane
Folketal i krinsane
Krins Folketal 2017 Folketal 2018
Kvamsøy 227 224
Sandsøy 213 201
Voksa 35 29
Gjerdsvika 264 353
Haugsbygda 343 356
Vågen/ Gurskebotn 440 431
Skredestranda 113 98
Larsnes 469 458
Hallebygda 306 326
Reg. utan krins 12 17
Tilsaman 2522 2493


 

Husstandar i krinsane
Husstandar i krinsane
Krins Husstandar
Gjerdsvika 150
Gursken 280
Kvamsøy 110
Sandsøy 110
Larsnes 320

 

Næringslivet i Sande

Sande har eit aktivt næringsliv, og er ei av få kommunar i fylket med meir enn 100 % arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad knytt til den maritime næringa.
Sjå meir frå kommunen og næringslivet i Sandefilmen.

 

Kong Arthur-spelet  - Kongsvollen 

Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist nesten kvar sommar med stor suksess.
 

På tur i Sande

I Sande finn du mange  fine turmål som du kan nå til fots, på sykkel eller ved å bruke båt

 

 

Kommunevåpenet til Sande 

Klikk for stort bilete

Kommunevåpenet for Sande kommune syner ei linebøye i sølv på blå botn. Våpenet symboliserer fiske, som ein har lange tradisjonar for i Sande. Kommunevåpenet vart godkjent i 1987.  Det er Jarle Skuseth som har designa kommunevåpenet. Ideen til motiv var det Helge Kragseth som hadde.