Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Par som skal gifte seg, er velkomne til å få borgarleg vigsel hos oss. Her finn de svar på kva ordninga inneber.

Kven kan bli vigsla borgarleg i Sande?

Brudefolka, det vil seie dei to som skal gifte seg, må oppfylle vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap. Personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra i ekteskapslova, kan også bli vigsla i Sande.

 

Kor og når kan vigselen skje?

Vigsel skjer etter avtale på Sande rådhus mellom kl. 8 og 15.30 på kvardagar. Ordførarkontoret eller kommunestyresalen kan nyttast. Det er også mogleg å bli vigsla av ordføraren/varaordføraren andre stader. Då må brudefolka sjølve sørge for eit lokale der vigselen kan gå føre seg i verdige rammer. Vigsel utanom kontortida må avtalast spesielt.

Vigsel i andre lokale/andre stader enn på rådhuset og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren. Kommunen fakturerer for dei faktiske utgiftene.

 

Kven utfører vigselen?

I Sande kommune er det ordføraren og varaordføraren som har rett til å vigsle.

 

Kostar det noko å bli vigsla hos kommunen?

Det er gratis å bli vigsla på Sande rådhus. Viss ein vil ha vigselen ein annan stad, må brudefolka sjølve dekke eventuell leige av lokale og reise- og opphaldsutgifter for ordføraren/varaordføraren.

 

Kva skal vi som brudefolk gjere?

Før de kan inngå ekteskap, må det prøvast om ekteskapsvilkåra etter ekteskapslova er oppfylt. Det er Skatteetaten som gjer denne prøvinga.

De må fylle ut skjemaet «Erklæring fra brudefolkene før prøving av ekteskapsvilkårene» og levere det til det lokale skattekontoret. Hugs å legge ved ei forlovarerklæring.

Dersom de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, vil Skatteetaten skrive ut ein såkalla prøvingsattest.

Deretter må de sende melding til Sande kommune om ønska vigselsdag, og legge ved kopien av prøvingsattesten de har fått. Denne søknaden går til oss i kommunen.

Vi tek så kontakt med dykk for nærmare avtalar.

 

Korleis går vigselen føre seg?

I tillegg til brudefolka, skal det under vigselen vere to andre personar til stades som vitne. Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.

Det vert sett av om lag 15 minutt til ein vigsel. Av dette brukar ordføraren/varaordføraren om lag 5 minutt på å lese høgt eit vigselsformular som er obligatorisk og likt i alle kommunar. Formularet ender slik: «Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.»

Ordføraren/varaordføraren, brudefolka og vitna skriv så under vigselsmeldinga, som er ein del av prøvingsattesten frå folkeregisteret. Etter dette kan brudefolka disponere om lag 10 minutt til f.eks. song, musikk, utveksling av ringar, tekstlesing eller liknande – dersom dei ønsker det. Desse aktivitetane er det brudefolka sjølve som må organisere.

 

Kva språk kan nyttast under vigselen?

Vigselen kan gå føre seg på norsk og engelsk. Dersom brudefolka ikkje forstår desse språka, må dei sjølve ordne med kvalifisert tolk for eiga rekning.

 

Kva må ein ha med til vigselen?

Brudefolka må ha med gyldig legitimasjon til vigselen.

Kva skjer etter vigselen?

Når vigselen er over vil brudefolka få med ein stadfesta kopi av vigselsmeldinga. Denne gjeld som mellombels vigselsattest. Kommunen sender vigselsmeldinga til Skatteetaten, som utferdar den endelege vigselsattesten.

Ver klar over at dersom de skal endre namn som resultat av vigselen, så må de endre dette sjølv. Søknad om endring av namn finn de hos Skatteetaten.

Treng du nytt pass? Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.