For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i veke 28 på Sande Rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen.
Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden 10.08 – 10.09, evt. tidlegrøysting frå 01.07.21 fram til 06.08.21.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast Sande Valstyre, Rådhuset, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes.
Du kan også bruke epost: postmottak@sande-mr.kommune.no
Les meir om tidlegrøysting og førehandsrøysting her.