Skal du stemme?

Valdagen er fastsett til måndag 13. september 2021.

Her finn du informasjon til deg som innbyggjarar i samband med Stortingsvalet  i 2021.

Kven kan røyste?

For norske statsborgarar er reglane for røysterett at du må ha fylt 18 innen utgangen av valåret, ikkje ha mista røysteretten din Grunnloven § 53 og vere eller tidlegare har vore folkeregisterregistert som busett i Norge.

Manntal

For å kunne røyste må velgaren vere innført i manntallet i ei kommune på valdagen. Har du meldt flytting til ei anna kommune i tida før eit val, må du sjekke kva kommune du er manntalsført i. Du kan sjekke dette ved å møte opp på rådhuset.(Manntalet vil vere klart rundt 10.juli). Skjeringsdato for manntalet er 30.06. Det betyr at du må vere registrert i ny kommune innan denne datoen for å vere manntalsført der.

Røyste i utlandet

Veljarar som er busett i utlandet har høve til å førehandsrøyste på dei fleste norske utenriksstasjonar: ambassadar, generealkonsulat og konsulat, og hos røystemottakarar oppnemnt av Sysselmannen på Svalbard og av kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Tidspunkt for å røyste i utlandet

 På Svalbard er det Sysselmannen som avgjer siste frist for å førehandsrøyste. Veljarar er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røystesetelen kjem fram til kommuna innan dagen etter valdagen, tysdag 10. september 2019 kl 17.00.

Ved dei andre utenrikstasjonane kan du stemme frå 1.juli til og med 3.september.

Må eg ha med valkort og legitimasjon?

Det vert ikkje nytta valkort ved førehandsrøysting i utlandet, med hugs å ta med legitimasjon. Som legitimasjon gjeld pass, bankkort eller førarkort som inneheld bilde, namn og fødselsnummer. 

Digitalt valkort

Valgkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett. Der står det også kvar og når du kan stemme på valdagen.

Valkortet blir sendt til di digitale postkasse eller i Altinn. Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller har du ikkje nytta ID-porten på 18 måneder, får du valkortet på papir via brevpost.

Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det sparer deg for tid.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme frå tirsdag 10. august til og med fredag 10. september i den kommunen du vil. 

På valdagen må du stemme i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2021. Du kan stemme i kva som helst stemmelokale i kommunen.

Dersom du er i karantene skal du ikkje stemme i ordinære valglokale. Ta kontakt med Sande kommune for å gjere avtale.
Dersom du er i isolasjon skal du stemme heimanfrå. Ta kontakt med kommunen for informasjon om korleis du kan få stemme - fristen for å melde inn at du vil stemme er  måndag 13.sept. kl 10.00.

Problemer med å kome til vallokalet?

Då kan du kontakte Sande kommune fram til kl. 10 den 7. september om å førehandsstemme heime.

Tidlegstemme

Kan du ikkje stemme i førehandsstemmeperioden eller på valdagen? Då kan du få tidligstemme fra 1. juli - til og med 9.august. Du får gi di stemme mellom kl 9.30 - 14.00 frå måndag til fredag på Sande rådhus. 

 

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
politisk sekretær/konsulent
E-post
Telefon 70 02 67 03
Mobil 995 31 346