Overskrift
Den skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut frå. Den må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn. Lista kan ikkje ha lokale nemningar som til dømes Sande [partinamn]. Det er valfritt om partiet/lista vil nytte namnet sitt på bokmål eller nynorsk.
Tal på kandidatar
For at ei liste skal kunne godkjennast må den ha minimum sju kandidatar. Ei liste med færre enn sju kandidatar vil ikkje kunne godkjennast.
For lister som stiller til val i Sande kommune, er makstalet 27 (talet på kommunestyrerepresentantar pluss seks).
Røystetillegg
Eit parti/liste som stiller til val i Sande kommune, kan gi røystetillegg til fire kandidatar. Desse kandidatane vil få eit stemmetillegg på 25 prosent meir enn dei andre på lista. Desse kandidatane skal stå først på lista og vere markert med store bokstavar eventuelt feit skrift.
Namn på kandidatane
Kandidatane må førast opp med fornamn, etternamn og fødselsår. Dersom det er nødvendig for å skilje kandidatane, skal også bustadadresse eller stilling førast opp. Dersom dette er naudsynt for minst éin av kandidatane, skal alle kandidatane få denne tilleggsinformasjonen.
Det folkeregistrerte etternamnet til kandidaten må nyttast, sjølv om kandidaten ikkje er kjend under dette. Det etternamnet kandidaten er mest kjend for bør då førast opp i parentes.
Dersom to eller fleire parti/grupper stiller fellesliste er det mogleg å føre opp kva parti/gruppe kandidaten høyrer til.
Andre opplysningar
Dersom to eller fleire parti eller grupper stiller liste saman, kan lista innehalde informasjon om kva parti/gruppe kandidaten representerer.
Mal for listeforslag
Listeforslag på papir:
Valgdirektoratet har laga malar som du kan bruke for å opprette listeforslag. Dei har også laga malar for dei vedlegga som skal følge listeforslaget.
Malane finn du på Valgdirektoratet sine sider.
Elektroniske listeforslag:
I listeforslagsportalen kan du opprette lister elektronisk.