For innbyggjarar

Valdagen er fastsett til måndag 9. september 2019.

Her finn du informasjon til deg som innbyggjarar i samband med kommunestyrevalet i 2019.

Kven kan røyste?

For norske statsborgere er reglane for røysterett at du må ha fylt 18 innen utgangen av valåret, ikkje ha mista røysteretten din Grunnloven § 53 og vere, eller tidlegare har vore folkeregisterregistert som busatt i Norge.

Utenlandske statsborgarar kan også røyste ved kommunestyre og fylkestingsval i Norge dersom dei oppfyller kriteriane ovanfor og har stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har vorte folkeregisterregistert som busett i Norge seinast 30. juni i valåret, har også røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge.

Manntal

For å kunne røyste må velgaren vere innført i manntallet i ei kommune på valdagen. Dette gjeld både for norske statsborgarar og utenlandske statsborgarar.

Har du meldt flytting til ein annan kommune i tida før eit val, må du sjekke kva kommune du er manntalsført i. Du kan sjekke dette ved å møte opp på rådhuset. Skjeringsdato for manntalet er 30.06. Det betyr at du må vere registrert i ny kommune innan denne datoen for å vere manntalsført der.

Røyste i utlandet

Veljarar som er busett i utlandet har moglegheit til å førehandsrøyste på dei fleste norske utenriksstasjonar: ambassadar, generealkonsulat og konsulat, og hos røystemottakarar oppnemnt av Sysselmannen på Svalbard og av kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tidspunkt for å røyste i utlandet: Fom   tom. På Svalbard er det Sysselmannen som avgjer siste frist for å førehandsrøyste. Veljarar er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røystesetelen kjem fram til kommuna innan dagen etter valdagen, tysdag 10. september 2019 kl 17.00.

Må eg ha med valkort og legitimasjon?

Det vert ikkje nytta valkort ved førehandsrøysting i utlandet, med hugs å ta med legitimasjon. Som legitimasjon gjeld pass, bankkort eller førarkort som inneheld bilde, namn og fødselsnummer.

 


 

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
konsulent
E-post
Telefon 70 02 67 03