For politiske parti/grupper

Valdagen er fastsett til måndag 9. september 2019.

Her finn du informasjon for parti/grupper som skal stille til val ved kommunestyrevalet i 2019

 

 

Kven kan veljast?

For å kunne bli valt til representant i eit kommunestyre må ein vere oppført på ein liste som stille til val. Ved kommunestyreval er det ikkje krav om norsk statsborgerskap for å stille til val, men ein må ha budd i Norge i minst tre år. Ein må også være registrert busett i den aktuelle kommuna ein stille til val i på valdagen.

Personar som har sentrale administrative funksjoner eller stillingar i kommuna er ikkje valbare til kommunestyret. 

 

Listeforslag

Alle parti og gruppe som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i den kommuna dei ønskjer å stille til val i.

I 2019 faller 31. mars på en søndag. Etter valloven § 15-5, skal fristar som fell på ein laurdag eller heilagdag utsettast til påfølgjande kvardag. Det inneber at listeforslag må være innlevert til valstyret i kommuna innan 1. april 2019 kl. 12.00. Det er ikkje nok at det kun er postlagt.

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, jf. valloven § 6-3, må det samlast inn eit visst antall underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.

Underskriftene er underlagt taushetsplikt og skal ikkje offentleggjerast, jf. valforskriften § 13, valloven § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.

 

Skjema for innlevering av listeforslag

Ved innlevering av listeforslag til kommunestyrevalet, er det ein fordel om forslagsstillerane brukar skjemaene og rettleiinga nedanfor, som er utarbeida av valdirektoratet. Dette vil lette arbeidet for valmedarbeiderane i kommuna ved handsaming av listeforslagene.

Her finn du skjema for innlevering av vallister

 

Vallova § 6-4 fastset i boksta a at listeforslaga skal ha ei oversikt over kandidatane sin fødselsdato. Valdirektoratet har laga ein mal som kan brukast:

Merk at denne malen er eit vedlegg til listeforslaget, ikkje ei erstatning for skjema til listeforslag.

Her finn du meir informasjon om listeforslag:

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
konsulent
E-post
Telefon 70 02 67 03