Manntal

Står du i manntalet til Sande kommune eller har du flytta etter 30.06.19 ?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i veke 27 på Sande Rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen. 


Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden 12.08 – 06.09, evt. tidlegrøysting fram til 08.08.19. 


Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast Sande Valstyre, Rådhuset, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes. 

Du kan også bruke epost: postmottak@sande-mr.kommune.no