Når og kvar kan eg røyste?

Klikk for stort bilete Du kan røyste i kvar krins på valdagen 9. september eller nytte deg av tidleg- eller førehandsrøysting.

Røystelokale

Ved alle oppvekstsentera er røystelokala opne frå kl 12.00 til kl 19.00. på valdagen 9.september. 

Røyste på førehand

Tidlegrøysting går føre seg ved Rådhuset frå 2.juli til og med 8.august.

Frå 12.august kan du gi di stemme ved førehandsrøystinga på rådhuset i Sande.

Oppheld du deg i utlandet  på valdagen kan du gi stemma di  ved å sende den til  Valstyret i kommunen din.

Hugs då å vere ute i god tid slik at stemma di kjem fram før kl 17.00 dagen etter valet.