Bålbrenning

Namsos kommune Sande kommune har ikkje innført lokal forskrift for når og kvar innbyggjarane i Sande kan brenne bål.
Dette inneber at generelt lovverk gjeld.

Bålbrenning

I Noreg er det et generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog, kystområder og anna utmark (utmark er det meste av innsjøar og vatn, strender, myr, skog og fjell i Noreg).


Generelt bålforbod

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere dersom det ligg snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark og er ikkje omfatta av forbodet.


Totalt bålforbod

Dersom skogbrannfaren er høg kan brannvesenet lokalt legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. I praksis betyr eit slikt totalforbod at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, utmark eller på stranda. Grilling i eigen hage er som regel tillatt, så lenge du passar godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totalt forbod.

 

Ansvar og tips til trygg bålbrenning

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold. Hugs at lokal brannfare kan variere
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet
  • Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke det ved behov
  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengeleg
  • Det er forbode å brenne plast, møblar, materiale som er limt, malt og/eller impregnert, og anna søppel
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt
  • Alle bål skal sløkkast før det vert mørkt slik at det ikkje oppfattast som brann av dei som ser bålet på avstand
  • Sande brann og redning ønsker å få beskjed frå deg før du tenner større bål og/eller brenn bråte. Dette for å unngå eventuelle unødvendige utrykkingar. Meld frå til brannvakt på tlf. 70029176

 

Viktig om eingongsgrillen

Ved bruk av eingongsgrill, må du sørge for at den vert plassert stødig på eit ubrennbart underlag. Eingongsgrillane vert svært varme på undersida, og vil kunne antenne eller skade underlaget. Barn og dyr skal aldri vere åleine eller leike i nærleiken av ein tend grill. Hold grillen under oppsyn så lenge den er varm.

Etter grilling, pass på at eingongsgrillen er skikkelig sløkt og avkjølt med vatn. Ta med grillen heim på forsvarleg måte, og la den stå utandørs over natta før du kastar den i restavfallet. 

Tenk på miljøet - ikkje kast eingongsgrillen i naturen!

 

Ta kontakt med Sande kommune på vakttelefon 700 29 176 eller
brannsjefen på mob 908 82 170 for spørsmål knytt til bålbrenning.